søndag 14. mars 2010

Fiskegrateng

Det er ikkje noko problem å lage middagar glutenfritt!

200 gr makaroni, 400 gr kokt fisk (kan bruke både salta eller røykt, alt etter kva ein foretrekk), kvit saus, 2 egg og maismel eller ost.

Kok makaroni etter anvisning på pakka.
Lag kvit saus. Denne kan lagast frå botn av med å smelte smør, blande i mel og tilsette melk. Dersom du ikkje vil dette, lagar du f.eks. ferdig bechamel saus frå Toro sin kok og kjøl pakke. Når sausen er ferdig tilsett du to eggeplommer, og krydre med salt, pepper og muskatnøtt. Plukk fisken frå kvarande og tilsett den i sausen.

Legg makaronien i ei ildfast form, fiskesausen oppå. Pisk eggekvitene og legg dei på toppen. Topp forma med maismel eller ost, alt etter smak og behag.Gratiner i ovnen på 200 grader i ca. 20 minutt. Denne forma er nok til 4 personar. Server med poteter, gulerøtter og smelta smør.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar