lørdag 20. mars 2010

Marengskake

Ei veldig kraftig kake, men snaddergod!

Botnar: 2 stk: 3 dl sukker, 3 eggekviter, 3 dl cornflakes, 2 ts bakepulver.

Sett ovnen på 150 grader. Pisk eggekviter og sukker til stivt skum. Vend i cornflakes og bakepulver. Bre røra ut til to runde botnar på ei steikeplate dekka med bakepapir. Steik botnane i 45 minutt, avkjøl.

Fyll:
Sjokoladekrem: 100 g smør, 4 ts maisenna, 2 dl melk, 1 dl sukker, 3 ss kakaopulver, 1-2 bananer.
Kremtopping: 3 dl piska kremfløyte, pynt med konditorfarge eller strø med f.eks. oboy.

Sjokoladekremen lagar du ved å smelte smøret i ein kjele. Bland maisennaen med den kalde melka, rør det i smøret. Hell i sukker og kakaopulver, rør godt om. La koke i ca. 7 minutt, til den vert tjukk. Det er best å røre heile tida sånn at den ikkje svir seg i botnen. La avkjøle.
       Smør sjokoladekremen på den eine marengsbotnen. Del bananene i skiver, og fordel dei på sjokoladekremen. Legg på den andre botnen som eit lokk. Smør på kremtopping og pynt etter ønske.

Bon apettit!

1 kommentar:

  1. Ja, takk, tar gjerne imot ei n smaksprøve av denne! Nam

    SvarSlett