søndag 4. juli 2010

Oppdateringar


Då har eg funne ut at eg kan bruke Iphonen min til å publisere innlegg. Har store planar om å utnytte dette for å være litt meir aktiv. Kjem til å prøve å legge ut meir jevnlig om kvardagen i tillegg til det som går på cøliaki og mat.

Nå har eg nett komt heim frå ni dagar i båt med min kjære. Me har hatt det veldig fint, sjølv om været bare har vore middels bra. Været her heime er heller ikkje mykje å skryte over!




Det har ikkje vore problem i forhold til maten. Me har vore på Egon og Big Horn Steak House i Haugesund. Fekk god service og god mat.

Fann eit brød i frysedisken på spar butikken på Hjelmeland som eg må nevne. Det er eit nytt merke for min del: Sunt og godt. Dei hadde eit glutenfritt kjernebrød som eg blei veldig imponert over. Saftig og godt!

- Laila -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar