fredag 13. august 2010

Oppussing av stova! :)

Då har me rive eine veggen i huset! Har rive vegggen mellom kjøkkenet og stova sånn at me har fått open løysing. Gjorde detta for å få utnytta plassen litt betre, og berre ha eit bord. Slepp å ha eit kjøkkenbord og eit spisebord, fekk mykje meir plass med ein gong! Sånn er utsikta frå kjøkkenet mitt nå:



Me har dessverre funne ut i prosessen at me ikkje er nokon byggmester Bob, verken eg eller sambu... Me hadde kanskje nemlig oppdaga detta problemet her før me satte opp plankane:



Byggmester Bob, kan det fikses?? Sitte litt i tenkeboksen på korleis eg skal løyse dette problemet... Har vore inne på tanken om å lage til ei bod, sette opp skap o.l. God innspel tas imot med takk!! :)

2 kommentarer:

  1. Koffor må dåke ha dei plankane? Er det for å skjule der veggen var?

    Eg ville ha malt planken kvit i tak og vegg, og lik som golvet nede. Då vil den ikkje vise så godt. Og må den vere så brei?

    Du har heilt sikkert gode svar, men e sånt som ein objektiv person ser det ut frå bildene.

    Kjekt at du utvider bloggen med andre ting! Sånt likar vi!!

    Eg bake snickerskake til eit bryllaup i morgon, og det er kake nr 2!!! God helg! Klem

    SvarSlett
  2. Planken er for å skjule "glippe" i golv, vegg og tak. Er malt svart for å få ein kontrast (så kan kjøkken og stove malast i forskjellige fargar seinare), og for å ta igjen svartfargen på pipa. Bredda er eg litt usikker på, men min kjæra har lagt ned ein del jobb i gulvplanken for å laga "spor" på undersida og bue toppen. Han er då veldig fornøydd med breidda! ;)

    Godt at kakeoppskriftene komme andre til nytte! :)

    GOd helg! klem

    SvarSlett