søndag 28. november 2010

Ukesoppsummering!

Tida går forsvinnande fort. Sidan sist så har eg klart å komme meg på siste HarryPotter filmen, The deathly hallows! Eg har vore fan av Harry Potter sidan dei første bøkene kom. Filmane vert ikkje det samme som bøkene, men det er samtidig imponerande effektar!


Filmen er bra, men er nok som nokon skildra den: ein ventefilm. Blir kjekt når den neste filmen kjem til våren! Gledar meg.

Elles så har me unnagjort årets julabord på ei helg. Vart litt kjedeleg når det vart to kveldar på rad på samme plassen, men mykje kjekke folk. Fekk i samme slengen feira bursdagen min, med opptil fleire bursdagssangar lørdagskvelden! Har nå laga ferdig den obligatoriske kaka til kollegaene på jobb i morgon:


Eg har faktisk testa ut Regal sin ferdige pakke, sjokoladekake med glasur og seigmenn til dekor. Fann ut at den måtte testast når den faktisk er glutenfri! :-) Kaka vart svært så god, min sambo kategoriserte den faktisk som den beste sjokoladekaka han hadde smakt. Det som var nedtur var når eg skulle dele ned opp i stykker, og glasur og deig festa seg som berre det til kniven! Det vart skikkeleg stygt på midtstykka! Kjem nok heller til å nytte oppskrifta eg fekk av ein kollega til seinare høve! :-)

Nå sit eg og nyt ei stove som er ferdig pynta til advent. Det einaste som manglar nå er nokre sviblar, amaryllis og julestjerner. For å få plass til desse (og alle nissane osv) har orkideane mine fått ny plass enn så lenge:


Det vart eigentleg ikkje så dumt, ganske fint å ha dei samla. Er spennande å sjå kor lenge dei vert ståande med blomar. Til nå har dei stått i mange månader og det er berre den eine av desse som har byrja visne.

Kjenner at det vert ein tidleg kveld i dag sidan det vart rangling to kveldar på rad etter juleborda!! :-)

3 kommentarer:

  1. Hey hey hey, kake til kollegar er ein fin tradisjon!! Gler meg!

    men du, er den orkideen blå???

    SvarSlett
  2. Det lurte faktsik jeg også på...om den orkideen var blå altså. Og hvor i svarte har du i såfall fått tak i den ?

    SvarSlett
  3. Orkideen er blå, men det er juksing inne i bildet her. Det er sprøyta fargestoff i stengelen, er eigentleg ein vanleg, kvit orkide. Fekk den av søstera mi sist ho var heime! :)

    SvarSlett