torsdag 30. desember 2010

Fredeleg torsdag...

I dag har eg tenkt å nyte freden i heimen! Sov dårleg i natt og er ikkje heilt i form, så får finne på noko å gjere på innandørs. Akkurat det blir vel ikkje vanskeleg då det er nok å henge fingrane i.... *sukk* Men det er viktig å ta seg tid, som Ferdinand seier, til å "just smell the flowers"...

Litt imponert over denne, har tolv knoppar! Problemet er at den er klar for rotvelting kvart øyeblikk, så den må stå å støtte seg opp etter vindauge....
Er spent på korleis denne kvite Amaryllisen blir sjåane ut...

Juleafta vart jo feira i fred og fordrageleghet i heimens lune rede. Me hadde eit vennepar på besøk som på kvar sitt vis bidrog til dagen... Louise er den kunstneriske typen:

Nokon som klarar å sjå kvar ho hentar inspirasjon frå? (kan røpe at det er ein liten gutt med ein tigerbamse som sin beste venn)
Stig derimot, han bidrog til dagens nøtt, trim og aktivisering av gjengen.... :

Piggdekk er ein fin ting.... (hihihi)
 Eg skulle prøve å få eit bilde av ei kiste som far min har laga (og reklamere litt for heimesida hans), men fekk ei linselus inn på bildet... 

Er nå ei ganske skjønn linselus...
Linselusa fekk forresten pakke av nissen i år, men trur ikkje nissen hadde tenkt så nøye over ka han gjorde. Pakken vart nemlig beslaglagt ut over kvelden grunna mykje støy...


Nasse (som matmor har døypt udyret) er framleis svært så kjekk å leke med...




Men det var jo kista til far min eg som sagt skulle få tatt bilde av:

Perfekt til mine ørten påbegynte strikkeprosjekt!

Han lagar mykje forskjellig. Alt frå sendekorger til kjøkkenhyller og vogger... Han har lagt ut ein del bilde osv på heimesida si Samson si heimeside. Kanskje ein ide til julegåver til den som har alt til neste år???

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar