mandag 22. mars 2010

Toscakake

Ei veldig god kake. I Prinsippet enkel å lage, men en må være nøye på framgangsmåte eller så dett den heilt saman....



Botn: 4 egg, 270 g sukker, 100 g smør, 200 g mel, 3 ts bakepulver, 5 ss melk.
Topping: 100 g grovhakka mandlar, 100 g sukker, 100 g smør, 2 ss fløyte.

Pisk egg og sukker godt. Smelt smøret, avkjøl og ha det i eggedosisen vekselvis med melk, sikta mel og bakepulver. Rør deigen forsiktig saman og hell den i godt smurt rund form, 24 cm. Steik kaka ved 180 grader i 30 minutt.

Lag glasuren i mellomtida. Gje mandlar, sukker, fløyte og smør eit oppkok. Etter dei 30 minuttane tar du kaka ut av ovnen og tek på toppinga (begynn å hell på frå kantane og innover mot midten). Set kaka inn igjen og steik vidare til overflata vert gyllenbrun, ca 10 minutt.

lørdag 20. mars 2010

Marengskake

Ei veldig kraftig kake, men snaddergod!

Botnar: 2 stk: 3 dl sukker, 3 eggekviter, 3 dl cornflakes, 2 ts bakepulver.

Sett ovnen på 150 grader. Pisk eggekviter og sukker til stivt skum. Vend i cornflakes og bakepulver. Bre røra ut til to runde botnar på ei steikeplate dekka med bakepapir. Steik botnane i 45 minutt, avkjøl.

Fyll:
Sjokoladekrem: 100 g smør, 4 ts maisenna, 2 dl melk, 1 dl sukker, 3 ss kakaopulver, 1-2 bananer.
Kremtopping: 3 dl piska kremfløyte, pynt med konditorfarge eller strø med f.eks. oboy.

Sjokoladekremen lagar du ved å smelte smøret i ein kjele. Bland maisennaen med den kalde melka, rør det i smøret. Hell i sukker og kakaopulver, rør godt om. La koke i ca. 7 minutt, til den vert tjukk. Det er best å røre heile tida sånn at den ikkje svir seg i botnen. La avkjøle.
       Smør sjokoladekremen på den eine marengsbotnen. Del bananene i skiver, og fordel dei på sjokoladekremen. Legg på den andre botnen som eit lokk. Smør på kremtopping og pynt etter ønske.

Bon apettit!

torsdag 18. mars 2010

Baconsurra kylling fylt med smøreost

Dette er ein av mine favorittmiddagar!




1 kyllingfilet per person, strimla bacon, Tine smøreost m/urter eller kvitløk...

Lag eit snitt i kyllingfileen og legg smøreost inni. Snurr bacon rundt. Pass på at endane kjem på "topp eller bunn" av fileen. Fres i ei varm panne slik at baconet vert godt steikt. Legg gjerne fileen på høgkant slik at alt baconet vert steikt. Skru ned varmen og la dei godgjere seg nokre minutt på kvar side.

Server med saus (bretagne kyllingsaus f.eks.), ris og salat eller grønnsaker.

søndag 14. mars 2010

Fiskegrateng

Det er ikkje noko problem å lage middagar glutenfritt!

200 gr makaroni, 400 gr kokt fisk (kan bruke både salta eller røykt, alt etter kva ein foretrekk), kvit saus, 2 egg og maismel eller ost.

Kok makaroni etter anvisning på pakka.
Lag kvit saus. Denne kan lagast frå botn av med å smelte smør, blande i mel og tilsette melk. Dersom du ikkje vil dette, lagar du f.eks. ferdig bechamel saus frå Toro sin kok og kjøl pakke. Når sausen er ferdig tilsett du to eggeplommer, og krydre med salt, pepper og muskatnøtt. Plukk fisken frå kvarande og tilsett den i sausen.

Legg makaronien i ei ildfast form, fiskesausen oppå. Pisk eggekvitene og legg dei på toppen. Topp forma med maismel eller ost, alt etter smak og behag.Gratiner i ovnen på 200 grader i ca. 20 minutt. Denne forma er nok til 4 personar. Server med poteter, gulerøtter og smelta smør.

Knekkebrød

Dette blir veldig gode knekkebrød. I originaloppskrifta skal det være både havrekli, kruskakli og havre. Eg har bytta ut nokre ting og tilsatt andre.  :)


4 dl glutenfritt mel (helst grovt), 4 dl hirseflarn, 2 dl solsikkekjerner, 1 dl sesamfrø, 1 dl linfrø, 2 ts salt og 7 dl vatn.

Bland alt og la det svelle i ca. 15 minutt. Fordel ut på to langpanner (bruk bakepapir). Del inn i passe store ruter med f.eks. pizzahjul. Steik på varmluft 180 grader i ca 45 minutt. Opne ovnen og slepp ut fuktigheit, ca. kvar 15 minutt. Set ovnen på 100 grader og la "tørke" i ca. 20 minutt. Dersom dei framleis er "blaute" kan du tørke dei lenger. Det er lurt å knekke av kantane, då dei gjerne er tynnare enn resten.

Dette var mitt første forsøk på denne oppskrifta. Eg brukte litt forskjellig mel, både toro grov, rismel og bokhvete. Sidan det skulle være så mykje kli, bytta eg ein dl med mel mot ein dl sukkerroefiber.
Resultatet blei som sagt veldig godt og ein god del billigare enn dei ferdige knekkebrøda. Bør gjerne oppbevarast i kakeboksar, ikkje tette plastboksar.

Banankake (muffins)

Dette er ei veldig saftig og smakfull kake som gjerne kan lages som muffins. Er veldig grei kake å lage når du har eit par bananer som har sett sine beste dagar.



2 egg, 2 dl sukker, 125 gr smør, 2 moste bananer, 3 dl glutenfri melmiks, 2 ts bakepulver, 2 ts vaniljesukker, 100 g kokesjokolade og kokosmasse til kakeforma.


 Sett steikeovnen på 175 grader. Smør ei springform (ca. 25 cm i diameter) og dryss den med kokos, eventuelt sett utover 12 store muffinsformer.
Smelt smøret og la det avkjøles. Visp egg og sukker til eggedosis. Mos bananene og bland dei i eggedosisen. Bland saman melmiks, bakepulver og vaniljesukker, og vend det tørre inn i eggedosisen. Visp. Hell smøret i røra medan du fortset å vispe. Hakk kokesjokoladen grovt, og bland den i røra.
Hell røra i forma, og steik kaka i ca. 45 minutt. Muffinsane får litt kortare steiketid, ca 20-30 minutt.