onsdag 5. januar 2011

Diverse ein onsdagskveld...

*sniff, sniff* Det er lyden som har følgt meg i heile dag. Huet kjennes meir ut som det inneheld bomull meir enn noko anna, og nasa smårenn jamt og trutt...  Trur sambo flykta ned på "spillrommet" etter å ha høyrt på *sniff, sniff* opp til fleire gonger i minuttet... :) Ispedd noko nysing, må ikkje gløyme nysinga!!!! Har laga meg eit "bol" i sofaen:

Pleddet ligg klart i korga...

 Det er viktig med god underhaldning, og ingen kan sei at eg ikkje kan kose meg i sofaen!!




Sunn & slank, er det noko overraskande overskrift nå i januar? Fleire med gode intensjonar? Me fekk skrittellar på jobb av sjefen, og skal ha konkurranse innad i etaten vår. Eg er redd for at den i dag ikkje vil passere 4000 steg eingong *rødme*. Eg får komme sterkare tilbake når forma kjem seg! :) Strikket skal forresten bli ei hue til ei venninne som har rota vekk den førre ho fekk... 

Som alltid når ein er sjuk har ein lov å kose seg:


Den bakerste skåla inneholdt på eit tidspunkt Quality street....

Eg og ei venninne laga trøfflar til jul (i den fremste skåla). Det var mykje enklare å lage enn me trudde i forkant, men vart ikkje min favoritt då eg ikkje er så glad i mørk sjokolade... Oppskrift som følger: 225 g mørk sjokolade, 1 ½ dl kremfløte, 1 ss konjakk (kan sløyfes), 100 g (1 ¾ dl) Dansukker Melis, 1 ss sterk, kald kaffe, Kakaopulver. Ha fløyten og sjokoladen i ei rustfri kasserolle og kok opp. Rør til sjokoladen er smelta og blandinga er jevn. Avkjøles til romtemperatur. Rør inn kaffen, konjakken og melisen. Rør til det blir ei jamn masse. Dekk til og sett kjølig i 2 timer. Form til boller som rulles i kakaopulver. Legg i papirformer. Oppbevar kjølig.

Til slutt vil eg dele oppskrifta mi på ein fantastisk god, og enkel, påleggssalat:



Kok fem-seks egg og del opp. Ha i ein boks reker eller krepsehaler (eller halvt om halvt), ein pakke majones, ein halv pakke remulade, hakka rødløk og dill. Bland alt og la det stå å "safte seg". Snadder!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar