søndag 27. februar 2011

Søt gjærdeig

Dette er ei oppskrift på ein søt gjærdeig som kan nyttast til mykje rart. Den er ganske stor så du kan lage litt forskjellig på ein gang.

Bildet er lånt fra klikk.no

3ss fiberhusk, 4 ss  smør, 1l melk, 2 pk gjær, 1 1/2 ts salt, 1 1/2 ss sukker, 2 egg, 180 g jyttemel og ca. 2 1/2 l fint mel.

Varm melk til fingervarm temperatur og rør ut gjæren. Bland i fiberhusk og la svelle i nokre minutt. Bland alle ingrediensene saman i ei kjøkkenmaskin (hold igjen litt av melet) og elt deigen godt. Sett deigen til heving på ein lun plass i ein halv time. Trill deigen ut og form det du ønskjer, om det er sommerboller, kanel i svingane eller ei prinsessekake.


Prinsessekake lager du ved å sette kanel i svingane i bunn av ei kakeform.... Etter at dei har fått heva litt tek du på ein "dert" vaniljekrem på kvar snurr før du sett kaka i ovnen på 200 grader i omlag 20 minutt. Kaka skal bli gyllen. Boller steiker du på 200-225 grader i 10-15 minutt...

Bon apetit! :)

3 kommentarer:

  1. Fiberhusk og jettemel?? Høyres ut som noko svensk/finsk hummbugg...?? Men det er jo fordi eg er ei uvitande sjel. Uansett er det viktigaste at du kan nyta noko som er godt!

    ha ein fin søndagkveld, så snakkast vi vel i måro!

    SvarSlett
  2. Heisann :-)
    Hvilket fint mel bruker du i denne oppskriften?

    SvarSlett
  3. Heisann :)

    Huff, sånt er ikkje alltid like enkelt å svare på. Eg pleier bare bruke det eg tilfeldigvis har i skapet, men har vel ofte brukt toro sine melblandinger. Gjerne ei blanding av både lys melmiks og lys kakemiks.

    SvarSlett