søndag 13. mars 2011

Haugesundstur

I går var eg og ei venninne på Haugesundstur, og me har funne ut at det er utruleg kor mykje ein kan klare å presse inn i ein Suzuki Ignis! Lange hyller, trådkorgstativ (i full size!), fleire krakkar og mange posar med diverse...


Ingen problem! Vart ein større nedtur når eg kom heim og den ompotta blomen ikkje passa i potta, og trådkorgstativet er for stort for skapet!!! Nedtur! Nå vil sikkert fornuftige sjeler tenke at eg burde jo ha teke mål før eg handla... Hadde faktisk gjort det på blomsterpotta... :-) Trudde i all min enkelhet at slike stativ såklart passa inn i "standardskap". Spørs om ikkje eg må bestille meg eit spesialbygd skrog til stativet hos pappen...


Nedtur var og dommen vår på påskefavoritter til Nidar. Den levde ikkje opp til forventningane våre, i alle fall ikkje med tanke på kor dyre slike pakkar er! Er jo snop, inneholde marsipan og sjokolade, men absolutt ikkje snaddergod!! Trur eg holde meg til påskeegga!!


Bildet er lånt frå internett...
I tillegg til dei fornuftige innkjøpa vart det jo litt pynt og oppbevaring. Har funne ut at Living og Coop obs bygg må bli faste stopp på turane mine til by'n...




Når eg til slutt får tak i ei potte som passar, så er pidestallen tiltenkt den ompotta blomen. :-)

1 kommentar: