torsdag 3. mars 2011

Skitur

Til ære for vinterferien har eldste søstera mi og guttane hennar teke turen heim på besøk. Me har siste to dagane vore dagstur inn til andre søstera mi si hytte som ligg ved Steinsvatnet. I går var det nydeleg vær, strålande sol og blikkstille! Ein sjeldent flott dag i fjellet! I dag var ikkje været så fantastisk. Det skifta mellom skodde, overskya og sol, ispedd ein ganske kjølig vind. Som de ser på bildene varierte sikta ganske mykje...


Baktroppen som skal ha motivasjonsstopp...

Skodda ligg å snik i det fjerne...

Slår til for fullt...





For så å lette litt igjen...

Gjengen i jobb...

På turen heim var været litt meir stabilt, men vindfullt...



Dei som har vore til fjells frå Åkra, veit at dette skiltet er i hovudhøgd. Det litt med andre ord litt snø i fjellet enda...


Har fått nytta musklar eg ikkje var klar over at eg hadde, så nå får me sjå korleis forma er i morgon... :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar