tirsdag 26. april 2011

Diverse småplukk frå påska

Påska har vore svært så roleg for min del. Det har vore nokre turar, men mest avslapping og god mat. Nokre bilde frå eine turen...


Pappen min har fått det for seg at vetlejenta må ta båtførarprøven! Då eg var heime i påska var me ute på fjorden å la inn til dei fleste kaiar me fann.... Dei fleste er framleis heile enda, men lurer på om pappa har byrja å tvile på vetlejenta sine kvalitetar som skipper. :)


Har for første gang laga lammelår, noko som er den tradisjonelle påskematen. Kjøttet fekk stå i ovnen i tre timar og vart fantastisk mørt og godt. Det er jo så enkelt å lage til: kna inn med krydder (ferdig krydder til lam er kjempepraktisk), lag hol med ein kniv til å stappe inn kvitløk og bacon.


Eg har fått meg nytt kamera i dag!! Det har allereie fått vore med på tur til Feto!


Fått forevige den nye samanplantinga i inngangspartiet..


Og dokumentere det ferdige strikkeprosjektet som tok meg omlag to år!! Var verkeleg på tide å bli ferdig nå... Tok eigentleg ikkje lang tid med strikkinga, men vart ein lang pause når det kom ting eg aldri har gjort før: raglanfelling... Nye ting er nemleg svært skummelt!!!
 

Trur eg kjem til å bli svært så nøgd med kameraet mitt! :)


2 kommentarer:

  1. Eg trudde småplukk frå påsken skulle innehalda påskesnopet ditt, litt egg og sånt???!! Men det var eit godt alternativ dette! Kva kamera har du kjøpt deg?? Anbefalar å gå på fotokurs, det skulle eg ha gjort. kanskje vi skal gå i lag?? terje har tatt kurs, men eg ser ikkje så mykje te da akkuratt....

    SvarSlett
  2. Det er eit samsung PL150, som eg forstår er eit heilt greitt kamera. Hadde nok hatt STOR nytte av eit kurs, så ingen dum idè! :)

    SvarSlett