onsdag 6. april 2011

Overraskande pakke...

I dag møtte eit kjekt syn meg på kontoret mitt.



Pakke!!! :-D Bare sånn heilt utan grunn! Papiret forsvann fort, og avdekka:



I kortet har min kjære kollega Gunhild skrive: Ikke at du trenger å bli minnet på det, men...

Nå har det gått opp for meg kvifor eg ikkje har hatt nokon tet-a-tet med nissen siste åra... Sidan det er Gunhild sitt råd eg tydeligvis har følgd heile tida så reknar eg med å få litt kompensasjon for siste års tap ifh nissen... ;-)

Er litt artig at Gunhild valde akkurat dette skiltet. Eg har stått med det i handa opp til fleire gonger og vurdert å kjøpe det. Det skal få komme opp på veggen i lag med resten av samlinga eg har begynta å få. :-)

Har hatt ein flott avslutning på dagen med tur til Husnes i duskregn. Me beundra fira hjortar som tydelegvis har funne nokre gode buskar nett ved Søral sin parkering. Buskene var tydeligvis så gode at hjortane var tilbake til me var på vei heim igjen og. Flotte dyr, smake godt gjer dei og! ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar