onsdag 29. juni 2011

Skip-bo

I dag har eg vore og kjøpt eit nytt spel til helga, Skip-bo. Fantastisk navn!!!! :-)




Det er eit kortspel som går på å bygge seriar opp til 12. Poenget er å være førstemann som blir kvitt korta sine. 




Spelet var litt uoversiktleg i byrjinga med fire bunkar som var dine, fire bunkar som kunne byggast på i fellesskap osv, men ein kom fort inn i det. Det vert kanskje litt langdrygt, men nå var me berre to som spelte. Får sjå korleis det slår an hos tantebarna til helga. Då skal me på telttur til Skudeneshavn i forbindelse med Skudefestivalen.  




Skudefestivalen trekker mykje båtfolk og det er eit yrande folkeliv i sentrum. Det er mange boder der alt mogleg vert vist fram, frå laks til handtverk. Far min er blandt ein av utstillarane... 


Det vert spanande å sjå korleis det går når underteikna skal ut på telttur etter gammalt av. Eg har vel aldri vore nokon "campar". Eg har vore på min andel av 4H-leirar, men det har vel vore lite telting elles. Sist eg var på telttur var nok januar 2005. Då var eg i praksis på ein ungdomsinstitusjon og var med på skjermingstur med ein ungdom som hadde rusa seg. Då var det å spasere langt ut på fjellet og slå opp teltet (underteikna klarte å vri kneet så det vart kjapt avgjort kvar teltet vart slått opp)... Då me vakna dagen etter var verden rundt oss blitt kvit. Var ganske nøgdt når eg kom på at eg faktisk har vore med på ein såpass "strabasiøs" telttur som min siste erfaring (at det er svært lenge sidan den forrige, det tenker me ikkje meir på). Håpar på mindre utfordringar til helga og at me kan nyte dagane med flott ver! Kanskje på stranda som campingen reklamerer med??







1 kommentar:

  1. Da spelet der e faktisk veldig kjekt syns eg! :) OG ungar flest likar da godt, så må tru at dine tantebarn og likar da! :))

    SvarSlett