fredag 12. august 2011

Nyaste maleprosjekt og familietreff...

Her er det siste malingsprosjektet mitt... Speilet var tidlegare trekvitt, men fann ut at det ikkje passa heilt inn når eg fekk opp den "nye" skjenken. Måtte flytta speilet over på andre veggen så det kom på samme veggen. :)




Syns det vart ganske bra resultat.




Rydda gjennom kjøkkenskapa mine og fann ei gammal skål som eg tenkte kunne være fin til å pynte benken med. Er litt usikker på kva eg skal putte oppi... Gode forslag tas imot med takk!!




Dette er favorittblomet min for tida, fresia. Fine og sjå på og luktar fantastisk!




Nå i helga har deler av familien samla seg på Seljord. I går stod eg derfor og laga pastasalat og skuffkake. Pastasalaten vart med mykje rart oppi; Pasta, rødløk, mais, agurk, skinke, sukkererter, lettrømme og creme fraiche. 




Lagde og botnen til ei sjokoladekake til gjengen. Sidan kaka vart laga litt seint på kveld blir kremen laga på lørdag. Oppskrifta er lagt ut før, under overskrifta Sjokoladekake i langpanne.




Me bur på Garvikstronda camping attmed Seljordsvatnet. Området på campingen er flott. Med hoppetårn og vanntrampoline!




Det er to familiar som bur i bubilar i helga. Eine skal og ligga i telt, men dei kom etter at eg tok bilde. Bubilane i front høyrer til følget vårt. 




Godt utstyrt leikeområde.




Nokon av hyttene ligg fascinerande til på bergskrentar.




Håpar på at været held seg bra i morgon og!




3 kommentarer:

  1. Kos dåke i helga, såg veldig trivelig ut :-)

    SvarSlett
  2. Det ble kjempe fint!! :-)
    PAsta salaten såg nydelig ut!!! :-)

    SvarSlett