fredag 19. august 2011

"Tvangsblogging"

Du stussar kanskje på tittelen på innlegget i dag? :-) Eg kallar det tvangsblogging når eg "må" blogge for at det ikkje skal bli alt for lenge til neste innlegg, og eg eigentleg ikkje hadde ein tanke om å lage noko innlegg i kveld. I morgon set eg nasa mot Kreta, igjen!! :-) Dersom det ikkje vert blogging medan eg er på reis, vert det alt for lenge stille på veggen min... :-) Eg gledar meg masse til å komme tilbake til "øya mi". :-D Har forelska meg heilt i øya, men særleg i gamlebyen i Chania. Bare sjå kor sjarmerande. 



Må jo bare ta turen innom skobutikken "min"... :-)




Som ei førebuing til i morgon har eg i dag jobba med eit, for meg, noko ukjent apparat...



Symaskin!!! Eg og symaskin har aldri vore beste venner, men me klarte å holde ein nokonlunde jovial tone i kveld. Målet var å få sydd inn ein topp eg ikkje har brukt på fleire år, då den har vore for stor. Resultatet vart ganske så akseptabelt faktisk... :-)




Gledar meg til ei veke på Kreta i sol og varme! Håpar de får ei fin veke!!




3 kommentarer: