tirsdag 20. september 2011

By- og hotelltur med bismak...

Jaja, då har me sjekka inn på Best Western Neptun, og har vore på Egon og ete ein god middag. Best Western er ikkje kjent som noko luksushotell, men det er heilt greitt. Kunne godt lagt litt meir arbeid ned i interiøret!



Litt skuffande at det ikkje var badekar på rommet. Hadde eit stort ønske om å kunne ligge i bløyt i kveld... Det får bli på neste hotelltur.



Det som var mest imponerande var forsåvidt minibaren. Eg har aldri sett ein bar med eit sånt utval!!!



Jaja, har uansett ikkje tenkt meg så mykje inn i minibaren. Eg har med anna snop å knaske på til i morgon. 






Ibux, paracet og paralgin forte er ikkje vanlege innslag i kosten min dersom du lurer på det. Men dei kan verte svært så naudsynte i morgon. Eg skal nemleg fjerne mandlane!!! Reknar med at det ikkje vert så mange blogginnlegg dei nærmaste dagane, me snakkast nok når formen har komt seg! Wish me luck!!!  :)




1 kommentar:

  1. Lukke til! Ser fram til fleire flotte oppskrifter på bloggen din når mandlane er vekke :) God, rask betring!

    SvarSlett