mandag 12. september 2011

Fiskegrateng med vri

Eg har fått servert ein fiskegrateng med vri. Det var ganske langt fra "ho mor" sin gode, gamle fiskegrateng, men kan absolutt anbefalast. 




2 ss smør, 800 g torskefilet, 2 ss smør, 1 rødløk i tynne skiver, 1 fedd finhakka kvitløk, 2 ss mel, 2,5 dl fløyte, 1 ts dijonsennep, 3 ss hakka persille, 20 cherrytomater, salt og pepper, 4 skiver brød i biter og 50 gr smelta smør. 


Varm ovnen til 200 grader. Smelt smøret i ei panne og fres fisken til den får farge. Fjern fisken frå panna. Smelt smør og fres løk og kvitløk til løken vert mjuk. Rør i melet og tilsett fløyten. Rør godt så du ikkje får klumpar. Ha i sennep og smak til med salt og pepper. Tilsett fisken og tomater og bland forsiktig. Ha blandinga i ei ildfast form. Rør saman brød og smør og ha blandinga på toppen av fisken. Steik til gratengen er gyllen, ca 20-25 minutt. 


Som tilbehør fekk eg ovnssteikte poteter. Kutta opp og krydra med salt og pepper. Eit veldig godt val.




Eg hadde på førehand lagt inn ønske om eggesmør (kjekk middagsgjest gitt...). Eggesmør er enkelt og greitt smør som du smeltar, og så tilsett hakka løk og hardkokte egg. Ein personleg favoritt til lettsalta, kokt torsk!!!




Det vart ein svært god middag sjølv om det ikkje vert mamma sin heimelaga grateng! :-D






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar