mandag 19. september 2011

Lettvint eplekake

I dag har eg plukka inn dei første epla frå treet i hagen. Nokon av dei vart nytta i ei lettvint eplekake. 



Ca 4 epler som er kutta i båtar, 2 egg, 1 1/2 dl sukker, 3 dl mel. Til topping treng du kanel, kaldt smør, mandlar og perlesukker. 


Pisk egg og sukker til eggedosis og bland melet forsiktig i. Hell røra i ei lita form kledd med bakepapir. Dytt eplebåtar nedi røra. Hakk mandler og dryss dei og kanel over. Skjær kaldt smør med ostehøvel i tynne skiver som du legg oppå. Strø perlesukker på toppen. Steik på nederste rille i ca 25 minutt. Etter halv steiketid bør du legge bakepapir oppå, elles kan kaka bli litt mørk. 




Kan absolutt anbefalast lunken med is attåt!! :)




5 kommentarer:

  1. Nam ! Såg veldig god ut... Du kan få servere denne når eg kjem ned :-))

    SvarSlett
  2. Så artigt att me begge har hatt eplekake som blogginlegg idag! ;)
    Eplekake er supert på denne tida av året! :)

    SvarSlett
  3. Kremt...noe igjen til lunsjen i morgen? *smisk smisk* ;-)

    SvarSlett
  4. Oj oj oj, den såg nammis ut!! Så god at den bør serverast på eit kontor i 3. etasje!!!

    Og du, kva heitte den grå fargen??

    SvarSlett
  5. Gråfargen eg har brukt på soverommet heitte New York. :)

    SvarSlett