mandag 24. oktober 2011

Dagens middag og smørpopkorn

I går var eg for første gang til Varden på Sandvoll. Det var ein sånn dag det bare var kjempetungt å gå! Hadde trudd eg var i litt bedre form, men den gang ei... Eg gløymte såklart å få med meg kameraet, så eg kan dessverre ikkje dele bilde av den flotte utsikta!! Neste gang så skal eg huske å ta med kameraet!


Middagen i dag var skikkeleg "husmannskost". Servelat med potet og kålstuing. Snadder, og ganske så lettvint! Kok potetene og steik servelaten. Skjær opp kålen og kok den nokre minutt. Smelt ein klatt med smør. Rør ut eit par-tre skjeer med lyst mel. Rør inn melk og la det koke opp. Tilsett meir melk (eller vatn) til passeleg konsistens. Ha i salt, pepper, muskatnøtt og litt buljong. Tilsett kålen. 



I går fekk eg endeleg testa ut heimelaga smørpopkorn! Då eg var eit semester i USA var dette vanleg på kinoane. Det var til ei viss grad ekkelt då du tappa det over popkornet fra ein kran, men fantastisk godt! Me poppa popkorn på vanleg måte, smelta smør i ein stor kjele, hadde popkornet oppi og blanda godt. Skikkeleg fett og godt!! 






1 kommentar:

  1. Huff og huff. Farlig å komme inn her så sent på kvelden. Du viser jo så masse fristende mat! Stå på videre, og ha en flott uke!

    SvarSlett