søndag 11. desember 2011

Glutenfrie pepperkaker

I går vart pepperkakedeigen kjevla, utstikka og steikt. Det har blitt grunnlag til eit pepperkakehus og litt pepperkaker. Deigen var enkel å lage, men trur ikkje den blir min favoritt. Syns ikkje den smakte "skikkeleg" pepperkake, meir sirupsnipp. Men det kan jo være at den blir nokon andre sin favoritt??










Oppskrifta er som følger: 250 g sukker, 250 g smør, 250 g sirup, 2 dl kremfløte, 2 ts ingefær, 1/2 ts pepper, 1 ts kardemomme, 4 ts bakepulver og 750 g mel. 


Sukker og margarin røres kvitt. Bland i sirup. Pisk kremfløten. Bland det tørre sammen. Den stivpiska fløten og det tørre blandes vekselvis i. La deigen kvile over natta. Steikes ved 175 grader i ca 8-10 minutt. 


Deigen smaka som sagt litt meir sirupsnipper enn pepperkaker etter mi meining. Det ser og ut som at delane som er steikt til pepperkakehus, ikkje kjem til å tole å bli montert. Det spørs om eg anten kjøper eit "vanleg" glutenholdig pepperkakehus, eller om eg bare lar det ligge for i år. 


Nå blir det kamp med håndballdamene med noko godt i glaset og snopeskåla... :)




3 kommentarer:

  1. Høyres ut som du har ein veldig fin kveld , kos deg :-)

    SvarSlett
  2. Glutenfrie pepperkaker er jammen ikke det enkleste å få til. Mine vil aldri holde formen etter at de har blitt stekt. I dag har vi laga pepperkaker med Fria sin ferdige deig, og det funka. Like greitt tenkte jeg ;)

    SvarSlett
  3. Skulle gjerne ha testa Fria sin deig, men har ikkje sett at nokon av butikkane her har tatt den inn. Har sett mange som syns den er god å jobbe med, og at den smaker godt i tillegg!! :)

    SvarSlett