tirsdag 6. desember 2011

Snart ferie!

Huff, nå er det alt for lenge sidan førre innlegg! Reine bloggtørken. Det er mykje grunna at det har vore svært så travelt på jobb siste tida (kan i alle fall skylde på det). Det har ført til at eg ikkje har orka tanken på å sette meg ned og lage innlegg. Ein positiv ting med jobben er at eg var opp til fleire dagar i Bergen, og då er det ein svært så kjekk butikk på Galleriet: konfektgalleriet! Ein flott liten chocolatièr i første etasje. Måtte ha ein liten pose!



Det var ikkje så mange bitane i posen, men dei er mektige! Sjølv om eg har cøliaki er det mykje å velge mellom. 



Me har jo allereie passert andre søndag i advent, og eg antar dei fleste andre og har pynta til jul. Eg pleier pynte til jul første søndag i advent, men blant all pynten er det ein som står for meir nostalgi enn resten:



Englespelet! Dette er ikkje heilt likt det gamle som me hadde i barndomsheimen min, men det gjer nytta! Tenn på lys og englene lagar eit frykteleg leven, herleg!!  :)



Eg har og feira bursdagen min sidan sist. Den skulle eigentleg forbigåast i stillhet, men eg fekk lyst på marsipankake. Det enda med eit lite kakelag rundt ei (om eg får sei det sjølv) skikkeleg god marsipankake! Til å være mitt første forsøk på å kjevle ut marsipanlokk og pynte kake, så syns eg det vart svært bra. :)




Neste veke har eg tatt ut siste ferieveka mi. Den skal nyttast til å bake dei siste kakene, kjøpe dei siste julegåvene og få huset klart for jul! :)




2 kommentarer:

  1. Sånt englespill hadde vi og, skikkelig nostalgisk :) Neste gang du lager kake må du gjerne invitere meg, den så nydelig ut! Forresten, en gang vi var i Australia skulle vi lage marsipankake. Etter å ha spist litt av den opptaga vi at melisen vi hadde brukt for å lage marsipan inneholdt hvetemel av alle ting. Det blei en morsom dag, og vi lærte å lese på melispakker i tillegg til alt annet.

    SvarSlett
  2. Ferien er deg vel unt, og kako var knallgod!!
    Og eg kan skriva under på at den sjokoladebutikken på Galleriet er snop for oss sjokoladeelskarar.
    Ha ein fin fin kveld. Klems

    SvarSlett