søndag 27. februar 2011

Søt gjærdeig

Dette er ei oppskrift på ein søt gjærdeig som kan nyttast til mykje rart. Den er ganske stor så du kan lage litt forskjellig på ein gang.

Bildet er lånt fra klikk.no

3ss fiberhusk, 4 ss  smør, 1l melk, 2 pk gjær, 1 1/2 ts salt, 1 1/2 ss sukker, 2 egg, 180 g jyttemel og ca. 2 1/2 l fint mel.

Varm melk til fingervarm temperatur og rør ut gjæren. Bland i fiberhusk og la svelle i nokre minutt. Bland alle ingrediensene saman i ei kjøkkenmaskin (hold igjen litt av melet) og elt deigen godt. Sett deigen til heving på ein lun plass i ein halv time. Trill deigen ut og form det du ønskjer, om det er sommerboller, kanel i svingane eller ei prinsessekake.


Prinsessekake lager du ved å sette kanel i svingane i bunn av ei kakeform.... Etter at dei har fått heva litt tek du på ein "dert" vaniljekrem på kvar snurr før du sett kaka i ovnen på 200 grader i omlag 20 minutt. Kaka skal bli gyllen. Boller steiker du på 200-225 grader i 10-15 minutt...

Bon apetit! :)

søndag 20. februar 2011

Flott helg!

Eg har hatt ei virkelig kjekk helg! Var å henta tantebarnet mitt på fredag og me har kost oss masse. Fredagen var me på Gullivers reiser i 3D. Jack Black har hovudrolla og då kan vel dei fleste tenke seg kva sjanger filmen er i? Filmen var artig, og uansett er det kjekt med film i 3D sjølv om historia kanskje er litt "tynn"...


Lørdagen var me utruleg effektive! :) Me gjekk til feto i Handelandsdalen å grilla oss lunsj. Eg fekk fyr på bålet i skikkeleg speidar-stil (med bare litt hjelp av tennbrikkettar og lighter)... Det var skikkeleg kaldt, så me vart ikkje lenge!



Me fekk sjå nokre stilege formasjonar av isen på elva på veien vår. Det såg ut som nokon hadde kosta saman isen og lagt an i ein stor haug...


Då me hadde komt oss heim og fått tint fingrar og tær, brukte me så og sei resten av kvelden på kjøkkenet. Snuppo laga ein bolledeig som  ho laga ei kake, skillingsboller (kanel i svingane) og skuleboller av, medan eg laga komla til middag. Deigen ho laga til vart fantastisk bra, og heva seg imponerande!
Eg har aldri laga denne kaka ho mekka i hop, men du heite den var snadder!


Ho tok ei vanleg, rund kakeform og satte kanel i svingane i bunnen av forma. Etter at dei hadde heva ferdig tok ho på ein "dert" vaniljekrem på kvar snurr før ho satte kaka i ovnen. 


Kan absolutt anbefalast til kaffien! Advarte snuppo mot at glutenfri deig kunne være ei utfordring, men sluttkommentaren hennas var: Sku detta vera vanskeleg? E den beste deigen eg har jobba med!
I dag har me vore særs spreke, og gått til Husnes i det flotta været. Sidan me var så sporty syns me at me fortente litt kos når me først var ute:




Narvesen har noko for ein kvar smak! :) Me var veldi enige om at nå var det påske der me satt i solveggen med kvart vårt egg... *mmmmm*

Eg fann ut at dagen var for fin til å gå inn etter at snuppa reiste heim, så eg rigga meg til på verandaen!

Eg håpar de og har hatt ei flott helg! Nå skal resten av dagen nyttast foran tv'en rett og slett!

- Laila -

torsdag 17. februar 2011

Award og utfordring!

Min gode kollega Solveig, med bloggen kvardagsgleder , har gitt meg ein award og tilhøyrande utfordring! 




Ta opp nærmeste bok, slå opp på side 18 og let fram linje 4- hva står det der?
(Det) hele ville være fortere overstått hvis han bare gjorde det. Han... Dette er henta frå Cecilia Samartin si bok, Mofongo. Det er ei av bøkene som ligg klar til å lesast...

Hva var det siste du så på tv?
Bones.
 
Bortsett fra datamaskinen- hva hører du nå?
Reklamen på tv'en.

Når var du sist ute og hva gjorde du da?
Sist eg var ute vert nyttårsafta. Då feira me kvelden i lag med gode venner!

Hva har du på deg nå?
Ulltrøye og stilongs... Har ikkje skifta etter turen i ettermiddag... :)

Hva var den siste filmen du så?
Det var Precios. Ein bra historie, men litt mykje "amerikanisert".

Skulle du kunne overveie å flytte til utlandet?
Ja, men ikkje permanent! Har budd eit semester i USA under utdanninga og kunne absolutt tenkt meg å gjere det igjen. 

Sånn, då har eg svart på dei sju spørsmåla som er utfordringsdelen av awarden. 


Ha ein god kveld vidare!!!! :)

søndag 13. februar 2011

Glutenfri mat i Stavanger.

Ei av "sjappene" eg hadde stor tru på, var Ostehuset:


Utruleg flotte og koslege lokaler, og mange spennande produkt!




Eg bestile ein sandwich med ost, skinke, aioli og bacon. Eg hadde store forventningar til at dei skulle ha godt, heimelaga glutenfritt brød, men må sei eg eigentleg vart litt skuffa over heile sandwichen. Pålegget osv var veldig godt, men dei nyttar vanleg, kjedeleg "kjøpebrød".




På kvelden skulle heile gjengen ut å ete middag i lag.Turen gjekk til Sørensen:






Veldig koselege lokaler. Me fann ut at servitøren vår måtte ha ein dårleg kveld, det var ikkje mykje smil og service å spore... Sørensen har ikkje noko stor og omfattande meny, og det verka som dei fleste ikkje var særleg imponert over kvaliteten på maten. Dommen vart grei nok. Eg prøvde meg på ein Chicken Tikka:




På fredagen hadde en nokre timar før båten gjekk heim. Eg nytta anledningen til å ta turen innom ein gresk restaurant for middag.


Restauranten har mange greske spesialitetar på menyen sin. Eg valgte å prøve kleftiko, som er ein lammerett med tomatsaus.




Kjøttet var fantastisk godt, men ikkje heilt det samme som på Kreta. Veldig skuffa over at det var så lite fetaost, det er ein av tinga eg forbinde med gresk mat.




lørdag 12. februar 2011

Stavanger!

Me var ferdige med det faglege opplegget vårt til klokka var rundt halv tolv, så eg fekk opp til fleire timar til å tusle rundt i Stavanger sine gater før båten min skulle ta meg heim igjen. Eg har funne ut at Stavanger havnar høgt opp på lista over favoritt-byar! Det er ein by eg har vore i svært sjeldan, og i alle fall ti år sidan sist! Det er mange flotte bygg, men det første som ruva mot meg på veg til hotellet var domkirka:




Stavanger domkirke er fra første halvdel av 1100-tallet og det eldste stående domkirkebygg i Norge. Den er også den av landets middelalderdomkirker som i størst grad har beholdt sitt middelalderske uttrykk, og dessuten den eneste av landets domkirker som har vært i kontinuerlig bruk siden 1300-tallet ( lånt frå Wikipedia).




Det er flotte detaljar både i vindu og dører...




Det som slo meg medan eg tusla rundt i gatene var at det var ein del artige veggar rundt om kring...




Eg veit ikkje om desse er "lovlege", men eg syns dei var ganske så tøffe...




Hadde meg såklart ein runde i gamlebyen og. Gamle Stavanger består av 173 vernede og restaurerte trehus som ble oppført på slutten av 1700- og begynnelsen på 1800-tallet. Området, som også er kjent som Straen, er Nord-Europas best bevarte trehusbebyggelse. De fleste husene er små og hvitmalte. Stavanger har mottatt flere priser for bevaringen av Gamle Stavanger. Husene er delvis i privat og delvis i kommunal eie. Villa Blidensol i Øvre Strandgate er trolig Stavangers eldste hus, etter Domkirken og Bispekapellet. Det antas å være bygget tidlig på 1700-tallet, men kan også være bygd på slutten av 1600-tallet (Wikipedia).






Mange fine (og snodige) hus i gatene:








Den norske hermetikkfabrikk:





Sjarmerande smug:






Flotte gater:







Til og med ein alarm dersom det trengs (har ein mistanke om at den ikkje fungerar i dag):


I tillegg til gamlebyen og domkirka har Stavanger også Valbergtårnet:

Valbergtårnet er et tidligere branntårn i Stavanger. Tårnet ble bygget i årene 1850-1853 som utkikkstårn for byens vektere, og er 26,66 meter høyt. Byggeomkostningene var opprinnelig satt til 3 200 specidaler, men endte på 9 000, noe som tilsvarte kr 36 000 etter den tids valuta. Det nye tårnet erstattet et nesten to hundre år gammelt falleferdig tretårn. Fra Valbergtårnet hadde vekterne oversikt over hele byen så langt bebyggelsen strakte seg den gang. Herfra kunne de oppdage branntilløp og varsle innbyggerne ved hjelp av klokkeringing og kanonskudd. Etter hvert gjorde nye brannvarslingssystemer at vekterne ble overflødige. Den siste vekteren i Valbergtårnet, Tobias Sandstøl, ble ansatt i 1904 og sluttet i 1922. Det sies at han er opprinnelsen til Thorbjørn Egners Tobias i tårnet i Kardemomme by. I dag rommer tårnet vektermuséet, og det er mulig å se byen fra toppen av tårnet (Wikipedia).








Typisk min flaks så er Valbergtårnet bare åpent i sommermånadane, så eg fekk ikkje tatt turen opp for å beundre utsikta. Håpar det snart blir ein tur tilbake, har fleire kafear eg må innom! :)

onsdag 9. februar 2011

Studietur!

Då har eg sjekka inn på nytt hotell... :) Denna gongen er det eit Thon hotell, Thon hotell Maritim i Stavanger.




Rommet er ikkje stort, men heilt greitt! Litt skuffa over ingen sjokolade på puta, pluss til Rica i Haugesund for det! ;)




Det store plusset for Thon er badet. Rettare sagt, eine baderomsmøbelet:




Badekar!!!!!! Weeeeeeeeeeee!!! De veit kvar de finn meg!! ;)

I morgon skal me rundt til forskjellige samarbeidspartnerar i Stavanger. Først går turen til alternativ til vold, så står Møllehagen skulesenter for tur. Fredag er det Barnehus som skal informere om sitt arbeid.

Gledar meg til frukost i morgon! :)

- Laila -

tirsdag 8. februar 2011

Flott mål for turen!

Me har mange flotte turstiar og mål her i kommunen...Mange av dei er og tilrettelagt for folk med barnevogn, rullestol eller som elles ikkje har så enkelt for å ferdast ute i naturen. Ein av dei flotte er turen ut til Feto. Det er ein flat og flott skogvei som kan nyttast av alle! :)






Det var ekstra kjekt å komme fram denne gongen for det var fyrt opp og skikkeleg kosleg! :)

- Laila -

fredag 4. februar 2011

Vinner av giveaway'en!

Då har eg kome heim frå studiedagar i Haugesund og har trekt ein vinnar! Må bare få sei at eg er djupt imponert over kor mange lodd det vart!! Heile 13 stykk, noko som er mykje meir enn eg hadde forventa!! :D For at ingen skal kunne skylde for partisk trekking, vart min kjære ansatt som trekkemaskin....






Jobben vart utført med stor innleving og alvor! Vinnaren vart.....

Tamtatam:




Marian med bloggen Marihøno vart vinnaren, gratulerer så mykje!!!! Send ein mail til lailaovstebo@gmail.com med adresse til å sende den. 

Er det då på tide å avsløre kva som er i posen???


Ein liten nusseleg wallsticker! Håpar du har ein ledig "veggflekk" til å henga den på... :)

Eg ventar på at min kjære skal lage ferdig middag før det blir avslapping i sofaen.... Og kva fordriv ein då tida med???




Ein kaffe moccha!!! :)

Håpe de alle har ein flott kveld og helg!

torsdag 3. februar 2011

"Bytur"

I etterutdanninga eg tek har me forelesningar i Haugesund i dag og i morgon. Dette har ført til overnatting på hotell og kos med kjekke medstudentar! :) Me er ein liten gjeng som alle overnattar på Rica Maritim. Denne gangen er eg godt nøgd med rommet mitt:




Sjokolade på senga og gode greier... Hadde det vore litt varmare kunne eg ha kost meg ute på terassen min med utsikt over smedasundet...




Anbefalar Le Cafe Francaise til pause i Haraldsgata. Kaffe latte er aldri feil. :)




Andre kunne kose seg med toast med chevre...




Me var ein gjeng som gjekk på Big Horn Steakhouse og et middag ilag. Fantastisk god mat.




Nå blir det kvelden før ein god frokost i morgon. Gledar meg!

Når eg kjem heim i morgon vil eg trekke vinnar av giveaway'en! Dersom du ikkje har fått teke lodd må du gå innom innlegget og legge igjen ein kommentar før eg kjem heim!!!! :)

- Laila -