fredag 29. april 2011

Glutenfrie vafler

Toro har ein pose med glutenfrie vafler som er heilt grei. Eg syns nå det likevel er greitt å innimellom lage ei røre frå botnen, i alle fall dersom eg har litt kulturmelk ståande. Oppskrifta eg bruker har eg frå boka glutenfri mat godt og sundt, gjærbakst og kaker. 


2 egg, 3 dl rømme (eventuelt kultura), 3 ss sukker, 2 ts kardemomme, 1 ts bakepulver, 2-3 ss smør og ca 175 g lyst mel. 

Visp egg, vann, rømme, sukker og kardemomme sammen. Tilsett melet og sett røren kjølig i ca 1/2 time. Tilsett smelta smør i røra før steiking.Veldi greitt med husgjester som gjer dei kjedelege oppgåvene...


Hadde plutseleg eit hyperaktivt dyr som hadde funne fram ei gammal leike som har overvintra ute...




Dette er då pus. Pus er nå så herpa at han ikkje lenger lage lyd (noko eg eigentleg ikkje syns er så dumt). Han bur fast ute, men er svært så gjev når Akeela først huskar på han.... Eg syns ikkje det er så stor stas når ho dreg pus med inn på nyvaska golv....


torsdag 28. april 2011

Skumma melk???

I dag har eg hatt ein av dei mest snodige opplevelsane i løpet av mine 28 år lange karriere som "husmor"... Var innom butikken, som vanleg, på veg heim. Kjøpte med meg nokre ingrediensar til middag, blant anna ein kartong skumma melk. 


Dette er vel eit ganske vanleg produkt, som dei fleste kjenner igjen. Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje tåler melkefett så godt, så skumma melk vert kjøpt heller av nødvendighen enn den fantastiske utvatna smaken... Eg reagerte litt då eg skulle helle melk opp i desilitermålet, syns det såg litt tjukt ut så måtte sjekke datoen ein ekstra gang. 


Det vart til og med ein telefon til ho mor for å sjekke om mine teorier om korleis skummamelk skal oppføre seg dersom ho mot formodning skulle være dårleg før datoen. Ikkje lukta den dårleg, ikkje smaka den dårleg heller... Smaka bare veldig mykje meir melk enn det skumma melk gjer. Det var såpass markant smak at eg testa om det kunne være mogleg.............


Joda, skummamelka mi er fløyte!!!!!!! Så vidt meg bekjent pleier ikkje skummamelka la seg bli piska til krem?? Er litt lang i maska over at eg fekk fløyte i staden for skummamelk, men det vart jo ein god kvelds i alle fall!!! Appelsin med piska skummamelk! :-D



onsdag 27. april 2011

Kveldstur

I kveld har me vore på ein flott kveldstur! Gjekk postvegen frå Helland og ut mot Valen. Det er fast med stopp i elva for ein dukkert og jakt på pinnar.


Det er lagt ned mykje arbeid i postvegen vår, og det er mange vakre syn langs ruta.

Flott utsikt frå Teigen.

Ein nydeleg solnedgang.

Er så kjekt når været er så flott!!


tirsdag 26. april 2011

Diverse småplukk frå påska

Påska har vore svært så roleg for min del. Det har vore nokre turar, men mest avslapping og god mat. Nokre bilde frå eine turen...


Pappen min har fått det for seg at vetlejenta må ta båtførarprøven! Då eg var heime i påska var me ute på fjorden å la inn til dei fleste kaiar me fann.... Dei fleste er framleis heile enda, men lurer på om pappa har byrja å tvile på vetlejenta sine kvalitetar som skipper. :)


Har for første gang laga lammelår, noko som er den tradisjonelle påskematen. Kjøttet fekk stå i ovnen i tre timar og vart fantastisk mørt og godt. Det er jo så enkelt å lage til: kna inn med krydder (ferdig krydder til lam er kjempepraktisk), lag hol med ein kniv til å stappe inn kvitløk og bacon.


Eg har fått meg nytt kamera i dag!! Det har allereie fått vore med på tur til Feto!


Fått forevige den nye samanplantinga i inngangspartiet..


Og dokumentere det ferdige strikkeprosjektet som tok meg omlag to år!! Var verkeleg på tide å bli ferdig nå... Tok eigentleg ikkje lang tid med strikkinga, men vart ein lang pause når det kom ting eg aldri har gjort før: raglanfelling... Nye ting er nemleg svært skummelt!!!
 

Trur eg kjem til å bli svært så nøgd med kameraet mitt! :)


mandag 18. april 2011

Flott dag!!

I dag har det vore strålande sol og nydeleg ver! Eg nytta anledningen og tok turen til Bremstølen.


Det har forsvunne mykje snø sidan førre tur. Det var berre eit par plasser eg måtte trø på snø i dag!


Belønning på toppen er viktig!


Både for to- og firbeinte... At eit tørt bein kan være så spanande...?


Er så kjekt å komme heim til ein liten fargeklatt nett utanfor døra! (Hagen min er svært så grønn og kjedeleg elles...)


Måtte nett kjøpe litt farge til stova og i dag... Duken er strikka av ho mor. Ein av få påskepyntar eg har fann eg ut i går...


Håpar du og har ein aldeles nydeleg dag, og at det fina veret held seg i heile påska!! :D


søndag 17. april 2011

Roleg helg

 Det var ikkje akkurat lovande værutsikter når eg kjørde inn mot Åkra på fredagen.

Det kjedelege var jo at det ikkje kom seg i løpet av helga... Det er blitt skikkelg vår på vestlandet: grått, vått og trist. :) Satsar på at værmeldingane held lag og at det kjem seg ut over veka! Sidan det er helg, og det nærmar seg påske, måtte det eit påskeegg til pers! ;)

Mammo hadde fiksa litt på eit okle (vevd veggteppe) som bestemor mi har laga ein eller annan gang. Begge mine bestemødre dø før eg vart fødd, så det er svært kjekt å ha nokre fysiske ting etter dei. Nå må eg bare finne ut kvar eg skal henge det opp, det passar liksom ikkje heilt kvar som helst.

Det er og svært praktisk å ha ei mamma som har noko meir erfaring med å sy enn meg. Ho er så snill at ho tok på seg å sy ferdig denne løparen i Hardangersaum som eg aldri fekk ferdig... Nå ligg den klar til advent!

I dag tok eg og Akeela turen opp Onarheimslia. Været holdt seg ganske så greitt, men det var begrensa med utsikt på toppen.

Nå vert det avslapping og kos framfor tv'en resten av kvelden. Siste del av helga må nytast!

God søndagskveld!


 

søndag 10. april 2011

Tur til Bremstølen og på postvegen

I helga har me hatt eit nydeleg vær som har blitt nytta på fleire flotte turar. På laurdag var eg, Akeela og ei venninne til Bremstølen. Me hadde strålande sol på turen og kosa oss storleg! Me måtte gå litt i snø siste beten, men det var absolutt ikkje noko problem. På toppen hadde me ein lang pause med snop, både til to- og firbeinte... :-)


Nøgd firbeint...

Nøgd tobeint...

Flott plass...


I dag har eg og Akeela vore med Kvinnherad kommune sitt bedriftsidrettslag på postvegen, frå¨Valen til Ølfarnes kai. Me var ein gjeng på 10-15 stykk som vart guida trygt på vår veg av Ove Tvedt, primus motor for arbeidet på postvegen. 


Eg har alltid syns at elva på Sandvoll er flott!

Vågen på Sandvoll.

Våren er komen på Sandvoll!
 Dei som kjenner til Ove, veit at han er eit oppkomme av historiar og artige fakta. Han fortalde oss blant anna at desse stoplane vart kalla Wilhelmske, etter keisar Wilhelm sin hatt... (stolpane har ein kuppel med ein tapp på som er lynavleiar) Ove kunne og fortelje kva årstal stolpane vart satt opp, og at dei står i noko som vart kalla for kar (fundamentet dei står i).


Litt vanskeleg å sjå kuppelen på toppen, men den er der.

Bruene på postvegen er flotte reisverk!

Ove i kjend positur...  :)



Om han fortel om "hankeprinsippet" (det er like langt å gå over haugen som rundt... ) som danskane fann ut av... Ikkje godt å sei...




 Kanskje det er om den "kinesiske mur", i miniatyr vel å merke, litt lenger inn på vegen....



Pausane er så absolutt interessante, det kan ingen nekte for.... Ein flott rasteplass forresten:



Den kinesiske mur i miniatyr:


Snakk om snorbeint arbeid!
 I denne eika veks det opp ei bjørk. Det er visstnok svært sjeldan!  :)



Ikkje minst er det svært eksotisk på postvegen... Det er afrikanske geiter og her! 



Den nye kaien på Ølfarnes vart nett ferdig. Den er blitt svært flott!




 Vakkert område nede på Ølfarnes!




Eg anbefalar alle å nytte seg av den flotte postvegen me har fått oss i kommunen. I dag var min første tur på vegen frå Valen mot Utåker, og det vert ikkje min siste! :-)


Ta deg ein tur, det er verdt det! :-)