onsdag 25. januar 2012

Pizzasnurrar

Eg har testa ut eit (for meg nytt og ukjent) fyll til pizzasnurrar: Pesto, tomat, chilli, spekepølse, ost og purreløk. Eg nytta oppskrifta som eg har til tjukk pizzabotn som ser slik ut: 


1 pk gjær, 2 ss fiberhusk, 5 dl vatn, 3 ss olje, 1 ts salt, 2 dl jyttemel og 6 dl mel (Eg pleier ofte blande både grovt og fint mel). Bland gjæren ut i lunkent vatn og ha i fiberhusk. Bland i det tørre og la heve før du kjevler den ut til eit rektangel. 


Smør pesto utover 2/3 av botnen. Legg på hakka tomater, finhakka chilli, finhakka purre, oppkutta spekepølse og ost. Ikkje gjer som meg og skjær tomatene i skiver!! Ikkje lett å rulle det fint saman då!! :) Rull det saman og skjær i skiver som er omlag 2 cm tjukke. Få dei over på steikeplate utan at alt hamnar på golvet på vegen. Dersom du lukkast med dette, steiker du dei omlag 20 minutt på 200 grader. 




Dei fekk kanskje ein litt "snodig" grønnfarge av pestoen, men dei smakte faktisk ganske godt!




1 kommentar:

  1. Det der har eg trua på, men eg ville brukt soltørka tomater istadenfor ferske. Det er berre veeeldig godt og meir smak synes eg :-)

    SvarSlett