onsdag 8. februar 2012

Improvisert biffmiddag og tacosuppe/gryte

Av og til vert det testing av nytt tilbehør til middagen. Då opnar eg kjøleskapet og tek det eg tilfeldigvis har liggande. Som oftast vert det ein grei kombinasjon. :) Sist eg testa dette var til ein biffmiddag. Eg hadde eit stykke ytrefilet som eg skar opp i forholdsvis tynne skiver. Hadde på salt og pepper og steikte dei raskt i varm panne. 


Har fått litt dilla på pommes frites siste tida, så det vart potetsorten. Av grøntfor fann eg gulerot og litt restar med broccoli. Strimla gulerota opp med grønsaksskrellaren og steikte dei og broccoli med litt salt og pepper. Slettes ingen dum kombinasjon! 



Restane etter tacomiddagen i helga kan bli ei svært så god suppe/gryte. Om det vert suppe eller gryte avheng berre av mengd væske du har oppi. :) Starta med å frese litt løk, chilli, og gulrot. Tok i restane av tacokjøttdeigen og resten av tacosausen. Ein boks med hakka tomater. Lot det koke nokre minutt. Hadde til slutt oppi sukkererter. 



Ved servering må det tilsettas rikelege mengder ost, rømme og knuste taco/nachochips. 



Slettes ikkje dum som lunsj heller! :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar