lørdag 6. oktober 2012

Første middag på gasstopp!!

Då har eg fått laga middag for første gang på gasstoppen! Den vart ferdig kopla i dag!! :D Kjenner at det vil ta tid å bli kjent med den, men trur det blir bra med tid og stunder. Det verkar i alle fall til å være god effekt av platene! Det kokar jo opp med ein gang nesten. :-) Håpar me vert nøgd med nyvinninga. :-) 


Middagen som fekk æra av å bli den første, var noko så kjedeleg som kjøttaker i brun saus. :-) Ein god gammal klassikar, med ertestuing og tytebærsyltetøy. 


For anledninga vart Toro sin nye glutenfrie brune saus testa. Den var heilt brukande. :-) Det er utruleg kjekt å kunne ha nokon lettvinte alternativ å ty til innimellom. :-)


I dag var eg og så heldig å få ei "kopptæv" av svigermor (det vil då sei ei kjøkkenfille på min dialekt....) ;-)


Den er strikka i rein bomull og skal i dagane framover få teste kva ho dug til. 


3 kommentarer:

  1. Utruleg stilig med gasskomfyr, grattis!!

    God helg, nyt både vinen og sjokoladen!

    SvarSlett
  2. Dårlig gjort å ete kjøttkaker uten meg.....

    SvarSlett
  3. Gratulera med den nye ovnen og resten av kjøkkenet. Eg er spent på ovnen.

    SvarSlett