torsdag 13. desember 2012

Ambrosiabrød og ostesmørbrød

I kveld har eg starta på julebaksten for i år, ambrosiabrød! 

Oppskrifta finn du her

Er litt seint ute kan du sei. :) Det har vore litt for travelt til at det har blitt baking av småkaker eller laging av snop enda. Til helga er det planar om å få bake lefser av forskjellig slag. Håpar nordlandskakene vert meir vellukka i år enn i fjor. 

Utanom ambrosiabrød vart det laga ostesmørbrød til kvelds. Det er kanskje ein litt spesiell måte å lage dei til på, så eg tenkte eg kunne dele og kanskje gje litt inspirasjon til alternative måtar å lage ostesmørbrød på. :) Du tek to ganske tynne skiver med brød. Smør på passeleg mengde med ketchup og sennep. Legg ost på begge sidene, og skinke av ein eller annan sort i mellom. Legg dette saman til eit stoooort ostesmørbrød. Kakk to egg i ein djup tallerk. Visp dei lett saman og ha i litt salt og pepper. Legg smørbrødet oppi og la det ligge eit minutt, før du snur det. 


Steik smørbrødet på middels til låg varme slik at osten fått smelte, og det er fin fagre utanpå. Eg var litt for utolmodig, og hadde for høg varme. All osten var dermed ikkje smelta inni, og dette er slikt som for meg øydelegg ein del av smaken... 


Dette er ein alt for mektig kvelds, og eg kjenner at eg nesten angrar. Men berre nesten!! :) 


1 kommentar:

  1. Skal ikkje angre på syndig gode ting, er heile poenget det med sånne ting.... Må testes tenker eg det ostesmørbrødet og lefsene kjem eg og tek kvalitetssjekk på i jula ;-)

    SvarSlett