fredag 19. april 2013

Ny variant av nachos

Etter forslag frå eine tantejenta mi, har me testa ut ein litt ny variant av nachos. Vanlegvis har eg pleid å strø nachips i ei langpanne, ha på kjøttdeig med tacokrydder, eit glas med salsa og ost på toppen. Nå vart det ein ganske på annleis variant. I bunn av forma blanda eg rømme og Philadelphia. Eg brukte vel om lag ein og ein halv pakke Philadelphia og om lag ein og ein halv boks rømme.




Oppå denne blandinga hadde eg ein kjøttdeig som var steikt med tacokrydder.




Ein pakke med nachips vart stappa nedi i passande mønster. Det som ikkje gjekk oppi til slutt knuste eg lett og strødde imellom.




Toppast med ost. Helst masse! :)




Server med salat og nyt!




Dette var så absolutt ein variant som vil bli brukt fleire ganger her i huset! :)


3 kommentarer:

  1. Så godt det såg ut! Kom tantejento di på da heilt a seg sjølv?? Kokkeemne kanskje??

    Har du testa ut tacopai? Da og eg nammenammis.

    Håpe du kosar deg med magen.

    Stor klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, kanskje ho vert eit nytt kokketalent??

      Har ikkje testa ut tacopai enda nei, men må kanskje prøve det ei helg.

      Kosar meg masse med magen!! :)

      Stor klem tilbake

      Slett