fredag 28. juni 2013

Permisjon

Då har eg hatt min siste arbeidsdag på om lag eit år. Blir snodig å gå heime, i alle fall dagane/vekene nå fram til knøtt finn det for godt å komma ut. :) Det vert og litt snodig å ikkje delta på dei til tider svært så useriøse lunsjane våre på jobb på lenge igjen. Eg har nokre kjekke og dyktige kollegaer, og må nok særleg dra fram ho som har strikka bukse og sokkar til knøttet. Tusen takk atter ein gong Bente! :) Må forresten innrømme at både eg og min bedre halvdel syns kanina på sokkane ser ut som dragar, så det vert nok kanindrage! ;) 



Min bedre halvdel har heldigvis sørga for at eg har noko å halde meg oppteken med, siste boka til Jo Nesbø. Har ein mistanke om at det er ein baktanke, som f.eks. til å få meg til å halde munn for ei stund... ;)



For å gjere starten på permisjonen endå betre, fekk eg i dag pakke i posten! Den ser noko grå og kjedeleg ut...


Men inni er det ein liten artig sak, nemleg eit babynest!! Det er kjøpt via ei dame som har ei side på Facebook som heiter babylatter. Med denne så kan knøtt ligge litt meir stabilt og trygt i sofa eller seng, samt ha den som eit godt lite "nest" oppi vogna si. Det er med knyting i enden som gjer at den kan tilpassast og nyttast sjølv om knøtt veks til. :) 


Gledar meg til å få teste denne med knøttet!!

Ha ein fin kveld! :)

2 kommentarer:

  1. Vi kommer til å savne deg også, og vi (Aud og jeg) lurer fælt på hvem som skal bli vårt "offer" det neste året. Sukk...om det blir for ille, så får vi heller sende fornærmelser pr sms ;-)

    Store Troll :-D

    SvarSlett
  2. Ja, dei lunsjane er noko av det eg saknar og...

    Dette året kjem til å gå fort, og du finne veldi snart roen og nyter dagane. Plutselig er knøttet ute, og du får andre ting å tenke på. Flinke Bente som har strikka! Og tøff den pakken du fekk i posten. Veldi lurt! Eg har ein Stokke tripp trapp i farge kirsebær du kan kjøpe viss du treng. Har desverre ikkje bøyle på. Sel den for 500.

    Kos deg med boka, eg e ferdi!!!!!

    Stor klem

    SvarSlett