søndag 24. mars 2013

Glutenfri gulrotkake

Ei av mine favorittkaker er gulrotkake. Spesielt med litt syrleg krem laga med philadelphia-ost. Dessverre er det sjeldan eg kjem på å lage den, særleg etter eg fekk diagnosa cøliaki. Den har hatt ein tendens til å bli litt tung og nærmast rå. For å forsøke med eit betre grunnlag denne gongen søkte eg etter ei glutenfri oppskrift, og kom over ei på bloggen Otilies hus. Den vart svært bra og anbefalast på det varmaste!


Du treng:
4 egg, 2,5 dl sukker, 4 dl Semper mix, 3 ts kanel, 2 ts natron, 1/2 ts salt, 1 ts vaniljesukker, 1 dl nøytral olje og ca 4 dl revne gulrot.

Pisk egg og sukker til det er luftig. Bland alt det tørre og tilsett i eggedosisen. Bland det godt saman. Tilsett så olje og revne gulrøtter. Bland godt og hell det i ei form med bakepapir. Bruk ei lita langpanne eller rund form. Steik på 180 grader, gjerne varmluft, i ca 35-40 minutter.

Avkjøl heilt medan du lager kremen:

200 gram kremost naturell, for eksempel philadelphia. 200 gram melis. 2 ts vaniljesukker eller 1 ts vaniljeekstrakt.

Pisk dette saman og bre det over kaka. Server og nyt!!



- Posted using BlogPress from my iPad

mandag 11. mars 2013

Pølsebrød

I går var me på grilltur til Feto. Då testa eg ut noko nytt for min del: ein slags pinnebrød som eg laga før turen og berre varma då me kom fram.




Eg laga ei oppskrift på hamburgerbrød som eg har brukt til litt forskjellig før.

100 gr margarin (kjøleskapskaldt), 500 gr mjøl, 1 1/2 ss jyttemjøl, 1 pk gjær, 2 ss fiberhusk, 4dl lunka væske, 1 ss sukker og 1ts salt.

Margaring smuldres i mjølet. Ved bruk av tørrgjær, bland alt det tørre oppi mjølet (Ved fersk gjær, bland ut i lunka væske). Rør alt saman til ein jamn deig og la heve. Trill deigen ut til pølser som du klappar flate og snurrer rundt pølsene. Det er nok ein fordel å smøre ketchup på deigen før du snurrer den rundt pølsene. Pensle med egg og strø på sesamfrø. La heve litt til før du steiker dei på 200 grader i ca 20 minutt. Eg steikte dei til dei var passeleg gylne.




Eg pakka ei og ei pølse inn i aluminiumsfolie, noko som er utruleg praktisk når det er ein grill som vert nytta til mykje forskjellig. Ein slepp tanken på smitte av gluten. :) Eg syns dette var ein stor suksess, og kjem nok til å gjere dette fleire gonger. :)

- Posted using BlogPress from my iPad