torsdag 19. desember 2013

Årets pepperkaker

Denne oppskrifta eg har forsøkt i år fann eg inne på facebooksida "Norsk Cøliakiforening". Eg halverte den då det er ei stor oppskrift, men den originale er:

3 dl vatn, 0.5 dl lys sirup, 2 ss kanel, 2 ss nellik, 2 ss ingefær, 0.5 ts pepper, 750 gr sukker, 450 gr margarin, 2 ss natron, 900 gr jyttemel (den originale) og 500 gr Toro kakemiks. 

Bland saman og kok opp vatn, sirup, krydder og sukker. Ta gryta av plata og rør inn smør og natron. Rør til det vert kaldare og margarinen har smelta heilt. Arbeid inn jyttemelet. La deigen stå over natta, gjerne i romtemperatur, og kna så inn resten av melet. Det er jyttemelet som gjev rett konsistens, så ikkje bytt det ut. Steik kakene på 200 - 225 grader i 5 minutt. 

Eg lagde først ein deig som eg hadde alt melet i, og lot stå i kjøleskapet over natta. Den deigen var for det første knallhard og vanskeleg å få utav panna. For det andre var den ekstremt smulete og umogleg å kjevle utan at du kjørte den ei stund i mikroen. Me laga difor ein ny deig der me ikkje tok i toro-melet og lot deigen stå i romtemperatur. Då var deigen svært god å jobbe med.  


Elles så er det meste av julepynten komt opp. Det viktigaste var vel sambuaren min sin kalender som har følgt han sidan han var liten gut. Det har jammen sin sjarm når det føl med frå barndommen. 


Det er ikkje mange dagar igjen til jul nå, men ha ei fortsatt god førjulstid! 

torsdag 5. desember 2013

Sprø småkaker/havreflarn

Årets første julekaker vart i år mamma sine sprø småkaker. Dei liknar på havreflarn, men skal eigentleg innehalde rosiner. Det er verken eg eller forloveden særleg glad i, så dei vart droppa. 

Du treng:
220 gr melange, 400 gr sukker, 1 ts vaniljesukker, 1/4 ts salt, 120 gr glutenfrie havregryn, 2 egg, 85 gr kokkosmasse, 240 gr toro lys kakemiks, 2 ts bakepulver og 1/2 ts natron. 

Rør smør og sukker kvitt. Bland det tørre saman og ha oppi. Du kan ikkje bruka håndmiksar, då deigen vart ganske tung. Eg tok den ut på benken og knadde den saman. Trill deigen eller ta den med teskjeier og set ut på plater.  


Steik kakene på 180 grader i 12-13 minutt. Kakene er svært skjøre når dei kjem ut av ovnen, så la dei kvile eit minutt før du tek dei over på rist. 



søndag 1. desember 2013

Glutenfri pizza frå Semper

Nå har eg testa den ferdige pizzaen til Semper som heiter capricciosa. Den har sopp og skinke og er toppa med ost. Eg hadde på litt ekstra ost, og tok på litt spekeskinka då den var ferdig steikt. 


Eg syns pizzaen var ein stor nedtur. Det første er at den er ganske dyr, og liten i forhold til prisen. Det andre er at den vart svidd og hard i kantane (det var faktiskt svært vanskeleg å kutte den opp) og nesten kald i midten. Eg måtte ta den litt i mikroen for å få den jamt varm. Eg kjem ikkje til å kjøpe denne fleire gonger!


Då må eg sei at bursdagsmiddagen min var mykje betre! Min bedre halvdel hadde laga heilsteikt ytrefilet, asparges surra med serranoskinke, steikt broccoli og fløytegratinerte poteter. Snadder!! 


I tillegg til flott bursdagsgåve og middag, fekk eg og ring på fingen frå min kjære!! Så nå må eg byrje å skrive forloveden min i staden for bedre halvdel. :D