onsdag 15. januar 2014

Restaurant Casa Cabana på Lanzarote

Akkurat nå er eg og familien på Lanzarote, i Puerto del Carmen. I går var me på ein restaurant som heiter Casa Cabana i gamlebyen. Dei har merka kva rettar ein kan få glutenfrie og/eller laktosefrie, noko som var svært mange. Dei har og glutenfri pasta.

Då me hadde bestilt kom dei med ei skål brød til min bedre halvdel, med beskjed om at dei øyeblikk kom med brød til meg og. Eg fekk rett etterpå ein varm og god liten baguett. På tida det tok meg å dele baguetten og ete eine halvdelen så var forretten komen på bordet. Eg prøvde ein salat med fetaost, pære og valnøtter. Kjempegod! Den bedre halvdelen min prøvde noko som het "potato nachos", som var ei skål med friterte potetskiver, toppa med chillibønner, salsa, rømme og ost. Stor suksess!

Til hovudrett prøvde eg "Hawaiian Chicken". Ein delt kyllingfilet med cajunkrydder, toppa med ananasring, bacon og ost. Snadder! Den bedre halvdelen min prøvde "Baconwrapped pork loin". Svinemedaljongar surra med bacon og calvadossaus. Også svært godt! Me fekk ei skål med grønnsaker og ei skål med poteter på bordet til oss begge. Det var kokte eller dampa gulrøtter, blomkål og broccoli (akkurat passe tilberedt), og potetmos og ovnsbakte poteter.

Alle dei tilsette som var innom bordet vårt var smilande blide og profesjonelle. Det var tydeleg at dei kunne dette med glutenfri mat. Restauranten er kanskje litt dyrare enn andre, men du kan på ein del av rettane velge ein mindre porsjon for ein billegare penge. Absolutt verdt turen!! Sjekk ut heimesida deira: www.casacabanalanzarote.co.uk




Bon apetit! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar