onsdag 29. januar 2014

Oppsummering av ferien på Lanzarote

Då har me hatt to veker på Lanzarote, med ganske så jamt over grått, vått og vindfullt vær. Me har ikkje hatt ein full solskinnsdag på fjorten dagar! Men me hadde bedre vær enn det var heime, så sånn sett klagar me ikkje. :) Me testa ut litt forskjellige restaurantar medan me var der, og eg skal forsøke å gje ei lita oppsummering. 

Første kvelden var me nede i hamna i gamlebyen på ein restaurant som heiter La Sirena. Det var svært god service og kjekt personal. Eg hadde ein paella, men vart dessverre noko skuffa. Den lukta mykje meir krydra enn det den var. Eg syns den vart litt tam. 

Eg hadde i forkant av reisa lasta ned appen til TripAdvisor og sjekka om det var nokon restaurantar som vart anbefala for oss med cøliaki. Blant anna vart Indisk Aroma nemnd. Den ligg i hovudgata. Me forsøkte ein mixed-grill som hadde litt av kvart. Den er absolutt å anbefale, samt at dei verka til å ha god kontroll på glutenfritt. Me var og innom der ein kveld og henta med oss take away og fekk då beskjed om at dei laga all maten glutenfri - utanom naan brøda. 


La Casa del Parmigiano var og nemnd i TripAdvisor. Den ligg heilt i enden der hovudgata startar/endar. Dei har eigen glutenfri meny med både pasta og pizza. Eg tenkte eg skulle være litt vågal og prøve ein pizza med egg og bacon på. Lite ana eg at egget var kakka oppå, rått!!!! Eg sklei egget diskre av og åt omlag halvparten, men det baud meg eigentleg kraftig imot!


Sjølv om me ikkje hadde det heilt store været, måtte me ha oss ein ispause ein dag. Det var ein liten som jobba iherdig for å få tak i mamma og pappa sin is!! :)


La Cascada Grill i gamlebyen oppdaga eg hadde merka i menyen sin "anbefalt som glutenfri rett". Dei hadde forskjellig på menyen, men ikkje pizza og pasta. Eg prøvde meg på ein dagens som var ein kylling rullade med bacon inni. Eg vart litt overraska når det vart servert med brun saus og dampa/kokt kål til, men det smaka godt. 


Siste dagen vår var me på restauranten Playa Mar i hovudgata. Det prøvde eg ein kyllingrett med bacon, kaktus og geitost oppå ein kyllingfilet. Det var svært godt! Absolutt ein restaurant som er verdt eit besøk. 


Det som er litt stas når du reiser vekk, er at plutseleg så kan du oppdage nokre "norske vatnhol". I Puerto del Carmen finn du Vikinghuset som er drive av norske Rita og mannen hennar. Dei har nokre svært så norske rettar, som kjøttkaker, men og tradisjonell tapas. Dei har eigen glutenfri meny, og eg nytta høvet til å prøve ein tallerk med tapas. 


Eg hadde på førehand fått med meg at Rita kan skaffe glutenfritt brød, og ho skaffa meg to stykk. :) Eg er litt usikker på om det kan være surdeigsbrød? Dei var ganske så grove og kompakte, men eg syns det er ganske greitt når alternativet er å berre ete loff. 5 € stykket, så ganske lik pris som heime. 


Eg testa ut eit for meg ukjent glutenfritt brød som eg fann på ein spar-butikk. Eg syns det hadde eit ganske så nusseleg namn, men det var ikkje mykje å skryte over. Ein litt tørr loff med ein noko snodig ettersmak. 


Dei første gongene me var innom denne Spar-butikken (på biosfera senteret), så hadde dei berre brødet frå Bimbo. Omlag halvvegs ut i ferien var det tydeleg at butikken hadde fått påfyll av varer. 


Dei hadde då fått inn dei grove baguettane til Shcär, samt nokon lange lyse baguettar eg ikkje har sett heime. Med påfyll i hyllene vart utvalet betrakteleg betre! :) Dei er ganske så flinke med merking av gluten i Spania. Fann merking både på cola og juice. :D


Siste kvelden tusla eg og min kjære eit godt stykke bortover hovudgata og kom til ein kombinert matbutikk og kafe; DosMil. Eg spurte med lite håp om dei hadde noko glutenfritt i kafeen, og stor vart overraskinga då eg vart vist bort i hjørna i disken kvar det sto tre forskjellige kakestykker. Det såg ut til at to av dei var sukkerbrød med forskjellig frukt oppå, medan det siste var litt meir udefinerbart. Eg konkluderte med at det var nok ei slags mandelkake med krem i. Det vart litt mektig etterkvart som eg jobba meg gjennom stykket. 

Ei anna kjekk oppleving var at dei på Flesland nå har fått inn glutenfri panini på Narvesen. Eg kunne gå inn og få meg noko anna enn pølse utan brød!! Det var vel ikkje heilt den store gourmet-opplevinga, men det var heilt greitt og magen reagerte ikkje på den. Oppsummert: svært nøgd! :D  

onsdag 15. januar 2014

Restaurant Casa Cabana på Lanzarote

Akkurat nå er eg og familien på Lanzarote, i Puerto del Carmen. I går var me på ein restaurant som heiter Casa Cabana i gamlebyen. Dei har merka kva rettar ein kan få glutenfrie og/eller laktosefrie, noko som var svært mange. Dei har og glutenfri pasta.

Då me hadde bestilt kom dei med ei skål brød til min bedre halvdel, med beskjed om at dei øyeblikk kom med brød til meg og. Eg fekk rett etterpå ein varm og god liten baguett. På tida det tok meg å dele baguetten og ete eine halvdelen så var forretten komen på bordet. Eg prøvde ein salat med fetaost, pære og valnøtter. Kjempegod! Den bedre halvdelen min prøvde noko som het "potato nachos", som var ei skål med friterte potetskiver, toppa med chillibønner, salsa, rømme og ost. Stor suksess!

Til hovudrett prøvde eg "Hawaiian Chicken". Ein delt kyllingfilet med cajunkrydder, toppa med ananasring, bacon og ost. Snadder! Den bedre halvdelen min prøvde "Baconwrapped pork loin". Svinemedaljongar surra med bacon og calvadossaus. Også svært godt! Me fekk ei skål med grønnsaker og ei skål med poteter på bordet til oss begge. Det var kokte eller dampa gulrøtter, blomkål og broccoli (akkurat passe tilberedt), og potetmos og ovnsbakte poteter.

Alle dei tilsette som var innom bordet vårt var smilande blide og profesjonelle. Det var tydeleg at dei kunne dette med glutenfri mat. Restauranten er kanskje litt dyrare enn andre, men du kan på ein del av rettane velge ein mindre porsjon for ein billegare penge. Absolutt verdt turen!! Sjekk ut heimesida deira: www.casacabanalanzarote.co.uk




Bon apetit! :)