mandag 26. juli 2010

Chilli med chorizo!

Har funne ei fantastisk enkel gryte som er veldig god og smakfull!







Steik ein pakke kjøttdeig og ha oppi ei panne. Kutt opp løk, kvitløk og 100g chorizopølsa. Steik det og ha oppi i lag med kjøttdeigen. Ha to boksar med hakka tomater oppi, samt salt og krydder. Du skal egentlig og ha i eit krydder som heite sambal oelek, men det fann eg ikkje på butikken i farten så hadde bare i litt chilli i staden. Server gryta med ost, rømme, nacho-chips og ein god salat, snadder!!!!

- Laila -

Bokormen

Har for tida eit lite lesekick.





Må sei at eg kan anbefale alle fire. Dersom du har lest bøker av Cecilia Samartin eller Henning Mankell før, vil du ikkje bli skuffa! Potensgiverne var ei koslig og artig bok, kjekk å ha med i badeland på Hovden.. :) Terapien var på den andre sida ei meir interessant bok, med uventa vri på historia og dypdykk inn i psykisk sjukdom. Spennande!

Har enda to bøker som gjenstår å lese gjennom:






Blir spennande å sjå korleis dei er...


- Laila -

torsdag 15. juli 2010

Shopping! :)

Var til Haugesund på shopping i går. Var på Amanda og havna på Kremmerhuset. Oppdaga desse herlege boksane til vaskemiddel, måtte ha begge!





Blei ikkje så masse handling utenom disse, var ut til flyplassen og leverte tanteungen min. Som alltid på 'bytur' går turen innom Macdonalds for ein glutenfri burger'. Før eg fekk cøliaki syns eg Mack'ern sin burger var fæl, men nå som det er det einaste alternativet er dei heilt ok.. :) Rart kva ein blir vant med....??

- Laila -

torsdag 8. juli 2010

Formiddagstur

Eg og Akeela har hatt oss ein fin tur opp Onarheimslia! Må utnytta solstrålene når dei kikke innom. :)





Et litt slitent stykke hund med den flotte utsikta fra benken i bakgrunn. :)

- Laila -

søndag 4. juli 2010

Oppdateringar


Då har eg funne ut at eg kan bruke Iphonen min til å publisere innlegg. Har store planar om å utnytte dette for å være litt meir aktiv. Kjem til å prøve å legge ut meir jevnlig om kvardagen i tillegg til det som går på cøliaki og mat.

Nå har eg nett komt heim frå ni dagar i båt med min kjære. Me har hatt det veldig fint, sjølv om været bare har vore middels bra. Været her heime er heller ikkje mykje å skryte over!




Det har ikkje vore problem i forhold til maten. Me har vore på Egon og Big Horn Steak House i Haugesund. Fekk god service og god mat.

Fann eit brød i frysedisken på spar butikken på Hjelmeland som eg må nevne. Det er eit nytt merke for min del: Sunt og godt. Dei hadde eit glutenfritt kjernebrød som eg blei veldig imponert over. Saftig og godt!

- Laila -