fredag 29. oktober 2010

Roleg fredagskveld.

I kveld har eg ein fin og roleg kveld foran tv'en med gullrekka, eller deler av den i alle fall. :) Har enda ikkje kome meg heilt etter førre helg der eg låg sjuk. Har enda ein irriterande hoste som heng igjen. Håpar at den forsvinn i løpet av helga. Er ganske nøgd med framgangen på strikkeprosjektet forresten:


Er ferdig med første foten! Syns den vart ganske bra om eg får sei det sjølv. :)


Syns fredagskosen min såg så sunn ut at det var verdt å ta bilde av! :) Må forresten få anbefale ein sort te:


Denne teen syns eg har ein veldig god og sterk smak, faktisk såpass at eg ikkje brukar sukettar eingong! Enda ein liten bonus er at den er koffeinfri for dei som er ømfintlege for sånt....  :)

Eg skal begynne på andre foten! Ha ein fortsatt fin kveld! :)

søndag 24. oktober 2010

Tur i finværet.

Helga har blitt nytta i sofaen, med feber, hovudverk og halsvondt. Syns eg har brukt opp kvota mi med sjukdom nå! Sjølv om forma har vore laber har eg klart å komme meg ut på ein liten luftetur til dagen.
















Den store prestasjonen er då ein daffetur rundt golfbana på Husnes! Er ein flat og fin tur, perfekt for "sjuklingtur"... Hadde eigentleg tenkt meg til Norefjell, men det får bli ei anna helg.

- Laila -

fredag 22. oktober 2010

Nytt håndarbeid.

Nå har eg funne meg eit nytt prosjekt. Lurer på om, og eventuelt når, eg vert ferdig med dei...

Mønsteret var ikkje så vanskeleg heller...
Eg syns det var eit ganske så stilig mønster. Har tenkt å prøve å strikke dei litt lenger enn på bildet, pluss uten fot. Skal være ei gåve dersom eg får dei ferdig, men seier ikkje kven dei er tiltenkt... :-)

Eit prosjekt eg faktisk vart ferdig med nyleg:


Det ser ut som sokkane er ekstremt store, men dei er faktisk ikkje det. På sokkane eg nå har valgt er mønsteret i stikketeknikk, ikkje i fargar, og eg håpar det vert enklare då. Det vart mykje tråd på kryss og tvers på desse, og eg syns det var "knotete" å jobbe meg gjennom mønsteret...

Har eigentleg ganske mange prosjekt liggande allereie: sokkar, hanskar, vesker, duk osv. Tenkjer alltid at dei nye prosjekta skal være så enkle og fort unnagjort... Heh, me får nå sjå.

torsdag 21. oktober 2010

Vindusshopping!

Hadde ein liten tur innom Fem høns medan me venta på båten heim. Der er julestemninga godt på plass. Alt frå dukar, pynt til treet, kakeboksar osv... Fem høns er ein butikk eg gjerne skulle hatt kunna plukka fritt frå! Det er så mykje fint eg kunne tenkt meg! Sto spesielt å såg på englane deira i dag.




Ei engel som viser godt igjen, litt 'bling, bling'??




Nydeleg lilla!




Og sist, men ikkje minst, dramatisk svart og kvit!




Er bare nokre få å velje mellom.. :)



Dette er ein serie med trefigurar som eg nett har oppdaga. Dei er utruleg flotte. Denne heiter Love.

Tenk å kunne hamstra inn alt på ein gang... Kjenne visaen svir i lomma... :)

- Laila -

tirsdag 19. oktober 2010

Min kjære!

Min kjære kan innimellom glimte til. I dag fekk eg beskjed om at han ville komme litt seint heim fra jobb, og eg antok at han skulle jobbe litt overtid... Når han kjem inn døra har han med seg ein pose... Med...


 Ein fine blom!!! Lilla blom og lilla potte! Snakk om å ha kontroll på yndlingsfarge!!

mandag 18. oktober 2010

Fjerning av mandler...

Sitte for øyeblikket på båten fra Stord. Har i dag starta dagen med time hos øre, nese og halsspesialist Søreide. Fått vurdering i forhold til å få fjerne mandlane! Eg syns det har vore
mykje med tre halsbetennelsar (samt pencillinkurar) på eit halvt år... Men fine legen var veldig opptatt av at eg måtte være klar over kva smerteh****** som venta meg i og med at eg er så gammal som eg er... (snøft) Eg var i forkant klar over at det ikkje er noko dans på roser, så nå vert henvisinga sendt så får me sjå korleis det går. Det var veldig kort ventetid så eg er spent på når eg får time.

Fekk nå tatt meg ein tur innom Frøken Lande på vei fra legen. Kjøpte pakke til søstera mi som har bursdag i dag..




Vart eit fint kremmarhus med sjokolande! Skal bortom å levere denne på vei til jobb. Gratulera med dagen Vigdis!

- Laila -

lørdag 16. oktober 2010

Shoppingkick!!!

Då har eg og Louise hatt oss ein tur til Haugesund for å begynne å handle julepresanger (angivelig...). Det vart  bare eit par julepresangar, resten vart til meg! :)  Vart mykje diverse, sko (som vanleg), kle, belter,  bilder...

Fine bilder som skal opp i stua!
Skikkelige joggesko! (pluss litt unødvendig snop!)
Kommentar er vel unødvendig...
Det var en skikkelig artig bytur, og fikk jammen brukt mye peng!! Som vanleg på bytur vart det middag på Macdonalds! Er einaste plassen (pluss Burger King) eg kan få meg hamburger, så er obligatorisk på tur! Gleder med til å gå inn nye skoa og teste ut nye antrekk! :)

tirsdag 12. oktober 2010

Fleskepannekaker i ovn!

Prøvde meg på ein ny variant av fleskepannekaker i dag, i langpanne i steikeovnen. Tenkte at det måtte være genialt så slepp ein stå å steike ei og ei pannekake.

Ser godt ut??
Du treng: 200 gr bacon, 3 dl mel, 1/2 ts salt, 1 ts bakepulver, 5 dl melk og 4 egg. 
Steik bacon og legg i bunn av ei ildfast form. Visp saman dei andre ingrediensane og hell over. Steik i ovn på 220 gr i ca 15 minutt. Server straks med salat eller kokte poteter til.

Trur dette kan bli den vanlige måten å lage fleskepannekaker på, er jo så enkelt!!

mandag 11. oktober 2010

Hyttetur!

Var i helga på ein fantastisk tur på hytta til søstera mi. Er ei hytte som høyrer til gården eg stammar frå. Hytta er ei skikkeleg hytte med stor H, ikkje innlagt vatn eller toalett. Her er det vatn frå bekken og utedo som er standard! (Jenter frå Åkra er vant til tøffe tak! Hihi...). På fredag gjekk me inn til hytta frå Fjellhaugen, brukte om lag to timar inn. Laurdag hadde me ein flott tur opp på Ingahogg, der me brukte ein time og 45 minutt opp. Overraskelsen var stor når me nådde toppen og det var masse folk der allereie. Det viste seg at det var bubiltreff i Fjellhaugen, og dei hadde og forvilla seg opp på toppen vår... På søndagen gjekk turen heim via Fjellhaugen igjen (Rart kor mykje lettare turen heim var...)

Me hadde eit nydeleg vær heile helga, sol og blå himmel. Fekk i tillegg nyte ein utruleg stjernehimmel som spegla seg i vatnet!

Eg har etter turane i helga måtta innsjå at eg nok ikkje er på lik linje som stifinnaren Hjortefot... Eg klarde ikkje å halde oss på stien på ein einaste tur heile helga!! Me fann målet vårt for kvar tur, men me fekk og sjå ein del unyttige haugar og myr! :) Me veit i alle fall kvar me ikkje skal gå neste gang! :)

Eg gløymde ta med kamera, og hadde heller ikkje straum på mobilen, til å ta bilete med. Det får bli til ein seinare tur, men du verden kor flott det var i fjellet som nå står i fulle haustfargar! Kan i staden vise eit bilete frå eine turen eg hadde i vinter:

Nydeleg utsikt frå hytta i vinter!

lørdag 2. oktober 2010

Matutvalget på Kreta...

Sit å ser ut på dei kvite toppane på sjøen og drøymer meg tilbake til Kreta! Er så surt ute at ingenting er betre enn å sitte inne med fyr i ovnen.

Elsker peiskos, ingenting som slår den varmen!
Kom plutseleg på at eg ikkje har skrive om maten og restaurantbesøka etter turen til Kreta! Eg var til Kreta august i fjor så må jo innrømme at eg kun gjekk på restaurantar som eg har testa ut... Me var fleire gonger på Zorba, Nymfi og Aksios, men var og innom Irida. Det er nok framleis Nymfi som tronar på toppen av lista! Er nok ingen over eller ved sida. Dei har fantastisk mat, god service og dyktig trubadur.
 
Lam kleftiko på Nymfi.
Pastitsio på Nymfi.
Tortilla med skinke, salat og rømme på Aksios.
Chicken ala cream på Zorba.
Breaded chicken på Aksios.
 Ikkje alle måltida va like vellukka, som f.eks. den siste middagen på Zorba:

Chicken curry.
Den siste middagen var skuffelsen på turen. Det var ganske tydeleg at det var ein ferdig saus som bare var helt oppå kyllingen. Dette er den einaste middagen eg ikkje syns var god, så på ei heil veke får det være eit bra resultat med ein mislykka middag...

Gleder meg til neste tur! :)