onsdag 30. mars 2011

Gevinst!

I dag fekk eg gevinsten min frå giveawayen hos Kvardagsgleder!

Å få pakkar er noko av det artigaste eg veit, så eg har gleda meg heilt sidan eg vart trekt ut... :-) Og eg vann:

Duftlys og muffinsformer frå Green gate! Må jo nesten bli baking til helga då!?!?!

Elles i dag har me hatt ein strålandes vårdag som eg har nytta i hagen! Eg har rydda fram jordbæråkeren så den er klar til å produsere mange søte bær! Har og leika dekoratør:


Litt frå eigen hage; selja, jyvel og forsythia. Har og juksa, og hatt i tulipanar frå Rema. ;-) Kryssar fingrane for at noko i vasen vert gult i løpet av dei næraste dagane. :-)


mandag 28. mars 2011

Landbrød og eit ferdig strikkeprosjekt!

Har fått testa semper sitt (for meg) nye brød, landbrød.


Det er ein ferdig brødblanding med ein pakke tørrgjær i pakka. Eg reagerte på at det bare skulle være 3.5 dl væske, men brødet vart bra. Syns kanskje det verkar til å være litt for "fint", likar brødet mitt grovare.



Nå har eg klart å bli ferdig med eit av mine utallige håndarbeidsprosjekt!



Nå gjenstår det bare å sjå om det faktisk vert brukt...  :-)

søndag 27. mars 2011

Glutenfri verdens beste

Verdens beste vert og kalla Kvæfjordkake. For min del er ho blant topp ti av favorittkaker. Alle ingrediensane fint oppstilt:





Var redd for at ho plutselig vart svidd, men ho smaka veldi godt sjøv om ho vart litt mørk.... :-)





Bunn: 150 gr sukker, 150 gr margarin, 4 eggeplommer, 5 ss melk, 150 gr kakemiks, 2 ts bakepulver og 1 ts vaniljesukker.
Marengs: 4 eggekviter og 200 gr sukker.
100 gr hakka mandler på toppen.

Rør sukker og margarin kvitt. Ha i eggeplommene, melk, mel, bakepulver og vaniljesukker. Kle ei langpanne med papir og fordel deigen utover heile forma. Pisk eggekvitene stive og rør i sukkker. Fordel dette oppå røra i langpanna og dryss over hakka mandler. Steik ved 150 grader i 45 minutt.

Når kaka er kald deler du den i to, fyll med krem laga av 1 pk vaniljesaus blanda med ca 2 dl piska kremfløyte. Du kan og velge å ha eit lag med banan, syltetøy eller hermetisert fersken eller aprikos. Dersom du bruker hermetisert frukt må du være nøye med å tørke søet godt av, elles vert kaka blaut.

Bon apetit!

onsdag 23. mars 2011

Ferdig "pimpa" stue...

Eg er så nøgd med stova mi når ho vart ferdig "pimpa", at eg vil dele det med dykk! :-)




Var veldi spent på korleis resultatet kom til å bli når eg gjekk før kombinasjonen mørk grå og lilla. Eg syns det vart skikkeleg bra! :-D

- Laila -

mandag 21. mars 2011

Kakefråtsing og ferdig oppussingsobjekt

På lørdagen var eg heim til Åkra med kake til pappen min som var 62. Kakebordet vart ganske imponerande til tre personar...




Bakerst i bildet er det Kari's kake, så suksesskake og til slutt toscakake. Alle er glutenfrie! Toscakake har alltid vore pappa si favorittkake, og den er snaddergod!




Jubilanten og dyret mitt verka til å være fornøyd med livet... Kari's kake er etter min mamma sin beskrivelse ei enkel søndagskake med appelsin og sjokolade. Er slett ingen dum byttehandel å komme med ei kake når eg reise heim med smakebitar av tre:




Pluss gevinsten frå bingoen førre helga.




Greitt å ha litt å velge i til kaffien?

Nå har eg fått mala seksjonen og tv'benken med tre strøk maling, pluss grunning. Er enda områder eg ikkje er nøgd med, men nå gidde eg rett å slett ikkje male meir!!!!!




Eg syns fargane vart veldi bra. Nå blir neste steg å finne nokon tøffe knottar å feste på skuffene!

- Laila -

lørdag 19. mars 2011

Oppussingsprosjekt

Då er det påbegynt storstilt oppussingprosjekt (i alle fall i mine auge)! Eg har kasta ut ein gammal seksjon og overtatt ein ny frå ei venninne. Planen er å få måla den i nokre flotte fargar som passar i stova mi.


Toppen til seksjonen står til høgre i bildet. Planen er at tv'benken og skal målast. Botnen i bildet under.


Etter maaange timar i går var eg komen så langt:


Alt var grunna! I dag har eg fått måla første strøket og eg trur det kan bli ganske så bra! Neste bilde får bli når heile er ferdig måla og alt er stilt opp på ein vegg... Spent på resultatet????

søndag 13. mars 2011

Haugesundstur

I går var eg og ei venninne på Haugesundstur, og me har funne ut at det er utruleg kor mykje ein kan klare å presse inn i ein Suzuki Ignis! Lange hyller, trådkorgstativ (i full size!), fleire krakkar og mange posar med diverse...


Ingen problem! Vart ein større nedtur når eg kom heim og den ompotta blomen ikkje passa i potta, og trådkorgstativet er for stort for skapet!!! Nedtur! Nå vil sikkert fornuftige sjeler tenke at eg burde jo ha teke mål før eg handla... Hadde faktisk gjort det på blomsterpotta... :-) Trudde i all min enkelhet at slike stativ såklart passa inn i "standardskap". Spørs om ikkje eg må bestille meg eit spesialbygd skrog til stativet hos pappen...


Nedtur var og dommen vår på påskefavoritter til Nidar. Den levde ikkje opp til forventningane våre, i alle fall ikkje med tanke på kor dyre slike pakkar er! Er jo snop, inneholde marsipan og sjokolade, men absolutt ikkje snaddergod!! Trur eg holde meg til påskeegga!!


Bildet er lånt frå internett...
I tillegg til dei fornuftige innkjøpa vart det jo litt pynt og oppbevaring. Har funne ut at Living og Coop obs bygg må bli faste stopp på turane mine til by'n...




Når eg til slutt får tak i ei potte som passar, så er pidestallen tiltenkt den ompotta blomen. :-)

tirsdag 8. mars 2011

Forseinka fastelaven

Skulle eigentleg lage fastelavensboller til søndagen, men det vart ikkje før i kveld gitt... Brukte oppskrifta på søt gjærdeig, men halverte mengda.


Bollene mine vert alltid litt flate. Kanskje eg lagar dei for store?


Smaken vart i alle fall god! :)

Elles så har eg og Akeela vore på ein forblåst tur opp Onarheimslia i dag.








Det er lite snø igjen nå. Har store planar om å få beskjært frukttrea mine i løpet av veka... :)

- Laila -

torsdag 3. mars 2011

Skitur

Til ære for vinterferien har eldste søstera mi og guttane hennar teke turen heim på besøk. Me har siste to dagane vore dagstur inn til andre søstera mi si hytte som ligg ved Steinsvatnet. I går var det nydeleg vær, strålande sol og blikkstille! Ein sjeldent flott dag i fjellet! I dag var ikkje været så fantastisk. Det skifta mellom skodde, overskya og sol, ispedd ein ganske kjølig vind. Som de ser på bildene varierte sikta ganske mykje...


Baktroppen som skal ha motivasjonsstopp...

Skodda ligg å snik i det fjerne...

Slår til for fullt...





For så å lette litt igjen...

Gjengen i jobb...

På turen heim var været litt meir stabilt, men vindfullt...



Dei som har vore til fjells frå Åkra, veit at dette skiltet er i hovudhøgd. Det litt med andre ord litt snø i fjellet enda...


Har fått nytta musklar eg ikkje var klar over at eg hadde, så nå får me sjå korleis forma er i morgon... :)