Viser innlegg med etiketten Julekos. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Julekos. Vis alle innlegg

fredag 24. desember 2010

Julekos!

I dag er den store dagen (kvelden), som mange av oss litt barnslige sjeler gledar oss til ganske så lenge... ;-) Det er JUL, og i tillegg kvit jul! Det kan jo ikkje bli bedre!! Nå er treet pynta (med masse pakkar under), huset vaska, kakene og snopet klart til eting og ventar bare på tre nøtter til askepott!!! Life is good!!

Treet med alle pakkane under.

Diverse snop og kaker, heimelaga og kjøpt...

Utelykta mi er neste vekk!

Hagen er dekka med snø, julevakkert!

Håpe alle mine kjente og kjære får ei flott julefeiring!!!!

torsdag 16. desember 2010

Julekos!

Jula er mykje kos og mekking på kjøkken. I år har eg prøvd meg på eit nytt prosjekt: å lage pepperkakehus frå "skratch". Kjøpte eit sett på Jernia som skulle være så fantastisk. Du skal bare trykke deigen ut etter former, og så skal du kunne bygge det sammen uten liming osv... Hørres bra ut?????


Man lærer så lenge man lever, så veit at til neste gang så skal eg kjevle ut deigen, legge den på steikeplata for så å stikke ut formene. I år kjevla eg ut deigen, stakk ut formene og løfta dei så over på steikeplata. Bitane vart jo då bevegd på, så dei passa ikkje heilt saman når me skulle til med monteringa... Lika ikkje å jobbe med smelta sukker, men det måtte til... Jernia reklamerer med at eit pepperkakehus bygd med dette settet skal sjå slik ut:

Pent og pynteleg...
Vårt resultat vart meir, sånn:





Hihihihi... Ser ut som det er ein gjeng barnehagebarn som har gått amokk, men oi kor gøy me hadde det! Temaet for i år var: få mest mogleg snop til å henge fast!! :) Kanskje me vurderer å ta det meir seriøst til neste år????