torsdag 26. oktober 2017

Glutenfritt på reise


Før var det ei stor utfordring å reise nokon plass, og å ha cøliaki. Eg anar ikkje kor mange pølser utan brød eg har ete opp gjennom åra mine med cøliaki, kor mange tørre brødprodukt eg har fått servert og kor mange svette nistepakkar eg har ete med laaaange blikk på det dei andre kan ete. Den siste tida nå har eg vore både på Haukeland sjukehus og til Haugesund i forskjellige ærend. Eg har nå fått nokon nye erfaringar eg har lyst å dele med dykk :) 

På Haukeland har eg hatt ei ganske dårleg erfaring tidlegare. Eg huskar ikkje akkurat når, men det er nok byrja å bli ein del år sidan. Eg huskar at det rundstykket eg då fekk servert var så tørt at eg faktisk gjekk og bedde dei om å smake på det sjølv. Denne gongen derimot vart eg svært så positivt overraska. Eg kjøpte meg ein smørbrød som både såg innbyande ut og som smaka godt! 



På Amanda storsenter i Haugesund har Joe&Juice opna eit utsal. Dei har glutenfrie baguettar som er svært gode! Eg har testa dei eit par gonger og har fått svært godt inntrykk av deira handtering av glutenfri mat. Dei hadde gode rutinar og eg følte meg svært trygg på at baguetten eg fekk var glutenfri. 


Det er blitt veldig mykje enklare å ta ein liten stopp på bensinstasjonane og nå. Svært mange har glutenfrie pølsebrød og hamburgerbrød, samt panini. Alle desse tinga er singel-pakka og eg opplever som oftest at det er gode rutinar rundt handteringa av dei glutenfrie produkta. 


Det er jo til og med gode tilbod på Ikea. Dei siste gongane eg har vore der har eg plukka ein svært så godkjent frukost :) I tillegg har dei laga til smørbrøda sine slik at du tek eit fat med pålegg, så finn du deg brød i etterkant og danderer sjølv smørbrødet. Fantastisk måte å gjere det på!


Syns det er kjekt å sjå utviklinga som har vore berre på dei få åra eg har hatt diagnosa. Det vert spanande å sjå kva åra som kjem bringer. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar