Viser innlegg med etiketten pizza. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pizza. Vis alle innlegg

søndag 1. desember 2013

Glutenfri pizza frå Semper

Nå har eg testa den ferdige pizzaen til Semper som heiter capricciosa. Den har sopp og skinke og er toppa med ost. Eg hadde på litt ekstra ost, og tok på litt spekeskinka då den var ferdig steikt. 


Eg syns pizzaen var ein stor nedtur. Det første er at den er ganske dyr, og liten i forhold til prisen. Det andre er at den vart svidd og hard i kantane (det var faktiskt svært vanskeleg å kutte den opp) og nesten kald i midten. Eg måtte ta den litt i mikroen for å få den jamt varm. Eg kjem ikkje til å kjøpe denne fleire gonger!


Då må eg sei at bursdagsmiddagen min var mykje betre! Min bedre halvdel hadde laga heilsteikt ytrefilet, asparges surra med serranoskinke, steikt broccoli og fløytegratinerte poteter. Snadder!! 


I tillegg til flott bursdagsgåve og middag, fekk eg og ring på fingen frå min kjære!! Så nå må eg byrje å skrive forloveden min i staden for bedre halvdel. :D



lørdag 9. februar 2013

Pizzabakeren

Dagens middag er lettvint, frå Pizzabakeren som nett opna på Husnes. Det er allereie andre gang eg prøver dei etter dei opna, og må sei meg svært nøgd!




*kremt* Som de ser så klarte eg å få i meg ein ganske stor del av pizzaen, heilt på eiga hand (kanskje eg kan skylde på at eg skal ete for to???)... Men konklusjonen så langt er at eg syns pizzaen frå Pizzabakeren er hakket betre enn Peppes. Dei skal forresten og ha pluss for at eg overhøyrde at dei ansatte fekk beskjed om at når dei laga glutenfri pizza så måtte dei vaske seg på henda så dei var utan "smitte" av gluten. Stor pluss!!! :-D

Ha ein fortsatt fin kveld!!

- Posted using BlogPress from my iPad

onsdag 25. januar 2012

Pizzasnurrar

Eg har testa ut eit (for meg nytt og ukjent) fyll til pizzasnurrar: Pesto, tomat, chilli, spekepølse, ost og purreløk. Eg nytta oppskrifta som eg har til tjukk pizzabotn som ser slik ut: 


1 pk gjær, 2 ss fiberhusk, 5 dl vatn, 3 ss olje, 1 ts salt, 2 dl jyttemel og 6 dl mel (Eg pleier ofte blande både grovt og fint mel). Bland gjæren ut i lunkent vatn og ha i fiberhusk. Bland i det tørre og la heve før du kjevler den ut til eit rektangel. 


Smør pesto utover 2/3 av botnen. Legg på hakka tomater, finhakka chilli, finhakka purre, oppkutta spekepølse og ost. Ikkje gjer som meg og skjær tomatene i skiver!! Ikkje lett å rulle det fint saman då!! :) Rull det saman og skjær i skiver som er omlag 2 cm tjukke. Få dei over på steikeplate utan at alt hamnar på golvet på vegen. Dersom du lukkast med dette, steiker du dei omlag 20 minutt på 200 grader. 




Dei fekk kanskje ein litt "snodig" grønnfarge av pestoen, men dei smakte faktisk ganske godt!




lørdag 8. oktober 2011

Glutenfri italiensk pizza

Eg har tidlegare syns det er amerikansk pizza med tjukk botn som er den beste, men har nå innsett at italiensk pizza og kan ha sine gode sider. :) Eg fann ei oppskrift som eg trur kan være svært god. Eg har prøvd den to ganger, og innser at den må nok kjevlast svært så tynn for at den skal bli sprø.


300 g mjøl, 2 dl vatn, 1 ss olje, 1 klype salt og 1/2 pk gjær. Løys gjæren ut i vatnet. Bland alt saman til ein jamn deig. Kjevle den ut på steikeplate med ein gang, ca 2 mm tjukk. Dekk med plastfilm og la heve i 40 minutt. Ta på ønska fyll og steik på nederste rille i 10 - 12 minutt på 250 grader. 


Oppskrifta fann eg på bloggen til bakeleder til NCF Hordaland. Bloggen hans finn du her: Intoleranse.



mandag 21. desember 2009

Pizza

Nå som me alle er innesnødd her heime så passar det fint å lage ein god pizza og kose seg med. Eg prøvde ein god del før eg fann ei oppskrift på pizzabunn som eg syns var god. Denne pleier å bli ganske bra.














1 pk fersk gjær, 2 ss fiberhusk, 5 dl lunka vatn, 3 ss olje, 1 ts salt, 2 dl jyttemel, 6 dl mel (kan godt blanda lyst og grovt mel).


Smuldre gjæren i ei bolle og blande i væska. Ha så i fiberhusk og visp dette godt ut i vatnet (bruk gjerne miksmaster), la det stå i nokre minutt. Bland det tørre, ha i vatnet og olja. Rør deigen godt saman, gjerne i kjøkkenmaskin. La deigen heve lunt i om lag ein halv time. Kna deigen litt sammen og kjevle den så ut på ovnsplate. Botnen kan nok med fordel forsteikast i ti minutt før du tek på fyllet. Ha på ønska fyll, steik den så i ca. 20 minutt ved 200 til 230 grader, alt etter smak og behag.