Ei av mine favorittkaker er gulrotkake. Spesielt med litt syrleg krem laga med philadelphia-ost. Dessverre er det sjeldan eg kjem på å lage den, særleg etter eg fekk diagnosa cøliaki. Den har hatt ein tendens til å bli litt tung og nærmast rå. For å forsøke med eit betre grunnlag denne gongen søkte eg etter ei glutenfri oppskrift, og kom over ei på bloggen Otilies hus. Den vart svært bra og anbefalast på det varmaste!
![](https://lh3.googleusercontent.com/-lZsjlsTuPP8/UU9hNvZVn0I/AAAAAAAAA7k/ml_Sz8ANkBM/s288/0.jpg)
Du treng:
4 egg, 2,5 dl sukker, 4 dl Semper mix, 3 ts kanel, 2 ts natron, 1/2 ts salt, 1 ts vaniljesukker, 1 dl nøytral olje og ca 4 dl revne gulrot.
Pisk egg og sukker til det er luftig. Bland alt det tørre og tilsett i eggedosisen. Bland det godt saman. Tilsett så olje og revne gulrøtter. Bland godt og hell det i ei form med bakepapir. Bruk ei lita langpanne eller rund form. Steik på 180 grader, gjerne varmluft, i ca 35-40 minutter.
Avkjøl heilt medan du lager kremen:
200 gram kremost naturell, for eksempel philadelphia. 200 gram melis. 2 ts vaniljesukker eller 1 ts vaniljeekstrakt.
Pisk dette saman og bre det over kaka. Server og nyt!!
![](https://lh6.googleusercontent.com/-t2SIHIq7vPk/UU9hPGHKu7I/AAAAAAAAA7s/yHkkuzMvgSg/s288/1.jpg)
- Posted using BlogPress from my iPad