Viser innlegg med etiketten Kvelds. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvelds. Vis alle innlegg

torsdag 14. januar 2016

Småsnadder

Det vert sjeldan mellom innlegga på bloggen for tida. Det beklagar eg, men dagane vert travle med to små. Mykje sjukdom siste tida har heller ikkje hjelpt på. Kanskje eg vert litt flinkare frametter, men ikkje hald pusten medan du ventar på innlegg :)

Siste tida har eg fått nokre tips på facebook om smårettar som har vist seg å være enkle og jysla gode! Man tar en baguett, eg bruker desse som kjem i to-pakningar. Dei er eit av få ferdige brødprodukt eg toler ganske så godt. :)


Baguett 1:
Smelt litt smør som du har oppi hakka kvitlauk. Eg brukte to små fedd, men du tek så mykje (eller lite) du vil ha. :) Skjær eit mønster i baguetten, både på langs og tvers. Dette var litt vanskeleg, men eg støtta opp rundt med aluminiumsfolie. :) Hell kvitlaukssmøret oppi spora du har laga på baguetten. Deretter skjærer du opp ost i bitar og stapper oppi. Eg tok og krydderskinke av kalkun i lag med osten. :)


Steik til osten er smelta. Trur eg steikte den i ti minutt på 200 grader. Enkelt, fort gjort og snadder!


Baguett 2:
Nesten like enkel å lage til. Skjær ut midten på baguetten, sånn at du får plass til å legge oppi fyll. Fyllet består av seks egg, ca seks ss fløyte, krydder etter ønske, håndfull eller to med ost og ca 150 g skinke. Skinke kan byttas ut med bacon, kjøttdeig eller anna ønska kjøtt eller grønnsaker. Denne mengden med fyll er nok til to av mine små baguettar og ein stor vanleg baguett til sambo. :) Steik på 175 grader i 25 minutt. Nyt!



Ha ein fin kveld :)

torsdag 13. desember 2012

Ambrosiabrød og ostesmørbrød

I kveld har eg starta på julebaksten for i år, ambrosiabrød! 

Oppskrifta finn du her

Er litt seint ute kan du sei. :) Det har vore litt for travelt til at det har blitt baking av småkaker eller laging av snop enda. Til helga er det planar om å få bake lefser av forskjellig slag. Håpar nordlandskakene vert meir vellukka i år enn i fjor. 

Utanom ambrosiabrød vart det laga ostesmørbrød til kvelds. Det er kanskje ein litt spesiell måte å lage dei til på, så eg tenkte eg kunne dele og kanskje gje litt inspirasjon til alternative måtar å lage ostesmørbrød på. :) Du tek to ganske tynne skiver med brød. Smør på passeleg mengde med ketchup og sennep. Legg ost på begge sidene, og skinke av ein eller annan sort i mellom. Legg dette saman til eit stoooort ostesmørbrød. Kakk to egg i ein djup tallerk. Visp dei lett saman og ha i litt salt og pepper. Legg smørbrødet oppi og la det ligge eit minutt, før du snur det. 


Steik smørbrødet på middels til låg varme slik at osten fått smelte, og det er fin fagre utanpå. Eg var litt for utolmodig, og hadde for høg varme. All osten var dermed ikkje smelta inni, og dette er slikt som for meg øydelegg ein del av smaken... 


Dette er ein alt for mektig kvelds, og eg kjenner at eg nesten angrar. Men berre nesten!! :) 


torsdag 28. april 2011

Skumma melk???

I dag har eg hatt ein av dei mest snodige opplevelsane i løpet av mine 28 år lange karriere som "husmor"... Var innom butikken, som vanleg, på veg heim. Kjøpte med meg nokre ingrediensar til middag, blant anna ein kartong skumma melk. 


Dette er vel eit ganske vanleg produkt, som dei fleste kjenner igjen. Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje tåler melkefett så godt, så skumma melk vert kjøpt heller av nødvendighen enn den fantastiske utvatna smaken... Eg reagerte litt då eg skulle helle melk opp i desilitermålet, syns det såg litt tjukt ut så måtte sjekke datoen ein ekstra gang. 


Det vart til og med ein telefon til ho mor for å sjekke om mine teorier om korleis skummamelk skal oppføre seg dersom ho mot formodning skulle være dårleg før datoen. Ikkje lukta den dårleg, ikkje smaka den dårleg heller... Smaka bare veldig mykje meir melk enn det skumma melk gjer. Det var såpass markant smak at eg testa om det kunne være mogleg.............


Joda, skummamelka mi er fløyte!!!!!!! Så vidt meg bekjent pleier ikkje skummamelka la seg bli piska til krem?? Er litt lang i maska over at eg fekk fløyte i staden for skummamelk, men det vart jo ein god kvelds i alle fall!!! Appelsin med piska skummamelk! :-D