Viser innlegg med etiketten Shopping. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Shopping. Vis alle innlegg

tirsdag 26. november 2013

Shopping og vinter!

Sist eg var i Haugesund kjøpte eg Newborn stolen til Stokke. Var først innom Barnashus, men dei hadde den ikkje inne. Gjekk innom Sampson og fekk kjøpe eit der. Eg var ikkje klar over at Sampson hadde ei avdeling med barneklede og utstyr, men den var ganske så stor.  

Det er veldig kjekt at det er med eit oppheng til leike på stolen. Det fall i god smak hos småen i alle fall. :)


Mykje rart dei treng desse små. Eg har og slått til på eit tilbod på nett, og kjøpt ei sportsvogn/trille. Det er eit merke eg ikkje har høyrt om før, Knorr-baby, men satsar på at det er ei god vogn. :) Viktig å ha ei lita vogn når ein skal på shoppingtur til byn eller på ferie. 


Og plutseleg vart det vinter ute!! :o Den forsvant heldigvis fort igjen, men kjem vel kanskje tilbake igjen før jul?? Må jo snart begynne å tenkje på julebakst! :)


søndag 5. mai 2013

Babyshopping

Sidan me ventar eit lite knøtt i juli er det mykje som har forandra seg for tida, til og med shoppinga!! Der det før handla om klede til meg, er det nå knøtt det handlar om... Kle til meg byrjar minne om formsydde telt, så er ikkje fullt så spennande lenger. :)


Det artige tilbehøret til meg eller huset har og endra grad...


Begge deler er ganske så artig må eg innrømme. :) Det kjekkaste eg fann på turen var stellematte, sengetøy og gardiner med uhu-er på. Eg fall heilt for dei!


Kjenner at det vert ei stund til neste bytur. Sjølv om middagen på mac'ern nesten fristar til ny tur neste helg!! :)


- Posted using BlogPress from my iPad

mandag 18. juli 2011

Bergentur

I helga har eg vore på tur til Bergen. Eg har hatt eit flott vertskap og eg har kost meg masse! Me hadde eit flott vær og kunne starte lørdagen med frukost ute i solskinn.




Lørdagen brukte me inne i Bergen by. Eg er ein dårleg vestlending og har aldri teke Fløyen... Me vurderte det, men fann ut at køen var for lang til at me orka å vente. Me gjekk heller og kikka i butikkar og kronglete gater. Ein eller annan gang komme eg meg nok på Fløyen...




Sku jo på ingen måte shoppe, men når skilta lyset mot meg med "halv pris" blir eg svaaaak... Får ALDRI for mange vesker.... Sant?





Eller toppar??




Pluss et par småting...




Me hadde oss ein pause i shoppinga på Zupperia. Dagens suppe til 59 kr. Billig og grei lunsj. Eg fekk ris til suppa i staden for brød. 




Kveldens middag var "fiskeknytter". Då legg du fisk med diverse grønnsaker og smakstilsetningar (gulrot, løk, krydder, smør, rømme, fløyte) i knytter av aluminiumsfolie. 




La dei ligge på grillen i omtrent 20 minutt. Etter ti minutt begynne det å lukte godt.



Vårt ferdige produkt:




Til dessert grilla me marshmallows. Det smake ikkje godt, bare søtt, men er ein artig ting som høyre til ein grillseanse! 




onsdag 22. juni 2011

Feriepengane får bein å gå på...

Feriepengane er komt på konto og det er viktig å planlegge korleis dei best skal nyttast! Noko er allereie i hus... Støvsugar er eit viktig verktøy når ein har hund og nå har eg investert i ein Miele som verkar svært så lovande! Syns ikkje fargen var noko å skryte over, men fekk beskjed om at fargen var "heilt deg". Veit nå ikkje heilt eg... Men så lenge den suge opp alle hundehåra så er eg nøgd! :-)




Må snopa litt og??? Kan jo ikkje bare væra fornuftig???



Masse god plass til alt mulig rart, kort og penga og nøklar.... Åsså i ekta skinn så lukta så godt!! :-)




Skattepengane som snar kjem inn er allereie brukt i nye vindu til huset..... Kva skal de bruke skatte- og feriepengane dykkar på????


torsdag 21. oktober 2010

Vindusshopping!

Hadde ein liten tur innom Fem høns medan me venta på båten heim. Der er julestemninga godt på plass. Alt frå dukar, pynt til treet, kakeboksar osv... Fem høns er ein butikk eg gjerne skulle hatt kunna plukka fritt frå! Det er så mykje fint eg kunne tenkt meg! Sto spesielt å såg på englane deira i dag.




Ei engel som viser godt igjen, litt 'bling, bling'??




Nydeleg lilla!




Og sist, men ikkje minst, dramatisk svart og kvit!




Er bare nokre få å velje mellom.. :)



Dette er ein serie med trefigurar som eg nett har oppdaga. Dei er utruleg flotte. Denne heiter Love.

Tenk å kunne hamstra inn alt på ein gang... Kjenne visaen svir i lomma... :)

- Laila -

lørdag 16. oktober 2010

Shoppingkick!!!

Då har eg og Louise hatt oss ein tur til Haugesund for å begynne å handle julepresanger (angivelig...). Det vart  bare eit par julepresangar, resten vart til meg! :)  Vart mykje diverse, sko (som vanleg), kle, belter,  bilder...

Fine bilder som skal opp i stua!
Skikkelige joggesko! (pluss litt unødvendig snop!)
Kommentar er vel unødvendig...
Det var en skikkelig artig bytur, og fikk jammen brukt mye peng!! Som vanleg på bytur vart det middag på Macdonalds! Er einaste plassen (pluss Burger King) eg kan få meg hamburger, så er obligatorisk på tur! Gleder med til å gå inn nye skoa og teste ut nye antrekk! :)

tirsdag 31. august 2010

Shoppingkick!!!

Var på kurs med jobben mandag og tysdag på Karmøy, og rota meg ut på Oasen i lag med gode kollegaer mandag ettermiddag. Der var det mykje sal, noko som førte til mange posar på mine armar! Er alltid kjekt når eg finn sal på basisklede. Er i tillegg kjekt når eg har bestilt tur til Kreta, og det er sal på sommar kjole:

Den er som vanlig litt for lang til pittelille meg, men det skal me klare å fikse!

Elles vart det eit par gensrar (rart korleis det alltid er mangelvare i skapet, sjølv om skapet knakar i alle baugar og endar...). Måtte plukke med meg ein av kvar av nokre enkle tunikaer som kan brukast til det meste:


Det var ikkje sal på sko, men på økonomisko er det vanskeleg å unngå freistingane. På grunn av min kollega som viste fram sine nydelege brune støvlettar same dagen, fall eg pladask for desse:

Eg kjem nok til å ha kanten bretta ned, syns det passar meg og min høgde best.

Trur eg har fått dekka shoppoman-genet mitt for ein liten periode nå, eller???? :-D Kjem ikkje til å ha mykje på shopping-kontoen til eg skal til Kreta, men det får stå sin prøve! :-)

onsdag 11. august 2010

Box of food!!! :)

Fekk pakka eg bestilte på allergimat.no i dag!


Stoor eska med masse godis, mjøl, pasta, frukostblanding osv... Og alt bare til meg :D Allergimat er litt dyrare å handle frå enn allergikost, men har og eit større utvalg. Har savna frukostblandinga til semper!! Komme nok til å holde meg til allergimat i framtida og! :) Fann til og med oreo-cookies så nå kan eg prøve meg på oreo-kaka! ;)

- Laila -