Viser innlegg med etiketten Hus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hus. Vis alle innlegg

lørdag 6. oktober 2012

Første middag på gasstopp!!

Då har eg fått laga middag for første gang på gasstoppen! Den vart ferdig kopla i dag!! :D Kjenner at det vil ta tid å bli kjent med den, men trur det blir bra med tid og stunder. Det verkar i alle fall til å være god effekt av platene! Det kokar jo opp med ein gang nesten. :-) Håpar me vert nøgd med nyvinninga. :-) 


Middagen som fekk æra av å bli den første, var noko så kjedeleg som kjøttaker i brun saus. :-) Ein god gammal klassikar, med ertestuing og tytebærsyltetøy. 


For anledninga vart Toro sin nye glutenfrie brune saus testa. Den var heilt brukande. :-) Det er utruleg kjekt å kunne ha nokon lettvinte alternativ å ty til innimellom. :-)


I dag var eg og så heldig å få ei "kopptæv" av svigermor (det vil då sei ei kjøkkenfille på min dialekt....) ;-)


Den er strikka i rein bomull og skal i dagane framover få teste kva ho dug til. 


torsdag 4. oktober 2012

Nytt kjøkken

Dei siste vekene her i huset har vore fokusert på eit rom; kjøkkenet!! Det som byrja med ein plan om å få opp ny kjøkkeninnreiing, enda opp med totalrenovering av heile rommet!!

Når me fjerna dei gamle skapa måtte me legge nytt golv... I staden for å berre kunne male tapeten som allereie var i rommet, vart alle dei ørten gamle laga fjerna, veggen pussa og ny tapet hengt opp og måla.
Når vegger og golv til slutt var i boks, brukte elektrikar tre dagar på å fikse på det gamle opplegget. Den rekninga vert nok kjekk å få...

Nå er det meste på plass, og det byrjar å sjå ut som eit kjøkken!!!! Til og med vatnet er på plass, nå manglar det berre ventilator og gasstopp. :D 

På denne boksen skal ventilatoren komme.

Integrerte kvitevarer.

Dette er den mest spennande skuffa i kjøkkenet.

Det er nemleg kjøleskuffer!!

Det er forresten eit Ikea kjøkken, Ramsjø. 

Eg har oppdaga uante talent i denne prosessen og vurderer om eg heller skal slå inn på ein karriere som tapetserar... ;)

Nå spørs det berre kor lang tid det tek før listene er på plass.... Time will show!!

onsdag 22. september 2010

Min flinke handyman!

Min flinke handyman tok mitt veeeeldi tydelige hint (sa rett ut at eg ville bli kjempeglad dersom han laga bod mens eg var vekke) og laga bod i stova til meg medan eg var på Kreta! Det tek litt plass av stua, men eg er kjempeglad for å ha ein plass til å sette støvsugaren! Er ikkje heilt ferdi inni enda (krangla meg til å få opp plater inni og...), men detta blir bra!

Masse god plass inni her til støvsugaren min!




Elles så kom eg heim frå Kreta fredag førre veke. Eg og ei venninne som hadde ein fantastisk herleg tur. Bare sol, bading og god mat! Litt tung reise for min del, med bare tre timar søvn om både på vei opp og ned, men vart positivt overraska over kor bra det gjekk. Dei som kjenner meg godt veit at eg vert "mannvond" når eg ikkje får mine høgst nødvendige timar med søvn, men eg var blid som ei sol heile veien ned, og nesten heile vegen heim og! :)

Det vart lite shopping på meg, faktisk mest bøker... Kjøpte og leste heile Twilight serien, så nå er eg oppdatert på Bella og Edward. Må bare få sett filmane. Må nok innrømme at serien vart litt "lett". Er kun om kjærleikshistoria mellom Bella og Edward, og kjenner at det er eg nok blitt litt for gammal til.. :) Men for all del, heilt grei underhaldning på solsenga.

Det som eg såklart ikkje klarte å motstå var nokre lekre boots:

Må sei eg er nøgd med kjøpet!


Me var ikkje med på nokre av dei arrangerte turane, men hadde oss eit par turar inn til gamlebyen og den venetsianske hamna.

Snik med eit bilete av reisefølget mitt med ei av gatene i gamlebyen i ryggen.

Det var rett og slett ein skikkelig avslappande tur, med null planar og tider å følge. Anbefalast på det sterkaste! :)

fredag 13. august 2010

Oppussing av stova! :)

Då har me rive eine veggen i huset! Har rive vegggen mellom kjøkkenet og stova sånn at me har fått open løysing. Gjorde detta for å få utnytta plassen litt betre, og berre ha eit bord. Slepp å ha eit kjøkkenbord og eit spisebord, fekk mykje meir plass med ein gong! Sånn er utsikta frå kjøkkenet mitt nå:



Me har dessverre funne ut i prosessen at me ikkje er nokon byggmester Bob, verken eg eller sambu... Me hadde kanskje nemlig oppdaga detta problemet her før me satte opp plankane:



Byggmester Bob, kan det fikses?? Sitte litt i tenkeboksen på korleis eg skal løyse dette problemet... Har vore inne på tanken om å lage til ei bod, sette opp skap o.l. God innspel tas imot med takk!! :)