mandag 12. mars 2012

Laksemiddag

I dag har eg laga ein god og enkel laksemiddag: steikt laks med grønnsaker og potetmos.




Først skrelte eg poteter, kutta i småbitar og kokte i 10-15 minutt. Medan dei kokte la eg skinnfri laksefilet til steiking. Lett krydra med fiskekrydder. Grønnsakene fekk eit lite oppkok. Helte av vatnet og hadde så oppi litt smør og salt. Når potetene var ferdig kokte helte eg av vatnet, hadde oppi litt smør, melk og krydder (salt, pepper og muskatnøtt) og mos alt saman. 


Dander alt fint saman på tallerken, og nyt!! :)




lørdag 10. mars 2012

Ny almanakk

Nå har eg fått nye almanakken min for 2012/2013. Må sei eg vart godt nøgd! Den er bestilt på personligalmanakk side web-sider. 



Sida er genial. Du kan velge alt frå farge og stil utanpå, til forskjellige element inni. Om du vil ha lister, linjer, ruter, vær osv... Absolutt anbefalt! 



Føles nesten som eg har fått litt vår inn i stova nå. Ein flott bukett med tulipanar, 



og ein ny og fin begonia! Blir spennande å sjå kor lenge den står med blomar (og kva tid eg tar livet av den...)




Håper de alle har ei fin helg. Eg har store planar om å berre slappe av, sove og lade batteria! :)




onsdag 7. mars 2012

Glutenfritt lavkarbobrød

Eg har i ein periode forsøkt å ete mest mogleg uten kveitestivelse for å sjå om det kan føre til ei betring for magen min. Eg fann til slutt ut at eit brød basert på ei oppskrift på eit lavkarbo brød, var eit ganske godt alternativ. Denne oppskrifta her er ikkje heilt lavkarbo, då må du bytte ut sukker med splenda osv. 


Bland først ein base som består av 1 beger cottage cheese, 5 egg og ca 1/2 dl olje. Kjør det glatt med ein stavmiksar. Bland så sammen det tørre: 3 ts bakepulver, 3 ts sukker, 2 ts salt, 2 ts fiberhusk, 2 ts mandelmel, 30 gr pofiber, 30 gr sukkerroefiber, 4 ss jyttemel, 40 gr linfrø, 40 gr hakka valnøtter, 40 gr solsikkefrø og 40 gr sesamfrø. Rør alt saman. Ha oppi ei form kledd med bakepapir. 


Det er ein litt omfattande steikeprosess, men det er verdt jobben for smaken sin del! Steik brødet først 25 min på 180 grader. Steik det så i 40 minutt på 150 grader. Ta brødet ut av ovnen, ta det ut av forma og fjern bakepapiret. Legg brødet på rist og steik i 20 minutt på 180 grader. 





Som sagt var brødet så absoultt eit godt alternativ, og anbefalast til utprøving!