torsdag 28. juli 2016

Sandwich-is

Etter tips frå ei Facebook-side har eg i dag forsøkt å lage noko som tilsvarar den kjære sandwich-isen. Den har vore djupt sakna sidan eg fekk diagnosa.


For å lage denne herlegheita tek du ein pose Toro sjokoladelangpanne, og føl oppskrifta på pakken. Fyr så i gong vaffeljernet og steik i veg! Dette var snadder!! Vaflene som vart til overs skal rett i frysen, og eg kan kjapt lage meg sandwich-is igjen! :)

onsdag 1. juni 2016

"Påleggsvafler"

Påleggsvafler har blitt ein ganske stor "hit" i huset her. Både som kvelds til små...




Og som lunsj til dei litt større 😉 Burde vel eigentleg ha "pimpa" opp bildet med mykje meir spennande pålegg, men det er nå ein gong sånn lunsjen min ser ut 😂 Eg har brukt oppskrifta til Linda Stuhaug
Men eg brukar vanleg sukker og ikkje sukrin.




Enjoy! 😊


tirsdag 3. mai 2016

Pølsegrateng

Dagane forsvinn i ein sus og dus med å lage middag, rydde hus og aktivisere to små. 😅 Då er det veldig greitt å ha ein komfyr som kan starte å stoppe etter kva tidspunkt eg stiller inn 👏 Då kan pølsegratengen gjerast klar, ovnen stillast inn og eg kan kjøre til barnehagen og komme heim til ferdig middag 😀

Pølsegratengen er veldig enkel. Kok pasta, lag kvit saus (Toro sin ferdige pose) og steik pølsene. Bland alt saman og topp med ost og bacon.




Sett forma inn i ovnen på 200 grader til osten har smelta.




Denne forma er ein stor suksess hos både store og små her i huset 😊

torsdag 14. januar 2016

Småsnadder

Det vert sjeldan mellom innlegga på bloggen for tida. Det beklagar eg, men dagane vert travle med to små. Mykje sjukdom siste tida har heller ikkje hjelpt på. Kanskje eg vert litt flinkare frametter, men ikkje hald pusten medan du ventar på innlegg :)

Siste tida har eg fått nokre tips på facebook om smårettar som har vist seg å være enkle og jysla gode! Man tar en baguett, eg bruker desse som kjem i to-pakningar. Dei er eit av få ferdige brødprodukt eg toler ganske så godt. :)


Baguett 1:
Smelt litt smør som du har oppi hakka kvitlauk. Eg brukte to små fedd, men du tek så mykje (eller lite) du vil ha. :) Skjær eit mønster i baguetten, både på langs og tvers. Dette var litt vanskeleg, men eg støtta opp rundt med aluminiumsfolie. :) Hell kvitlaukssmøret oppi spora du har laga på baguetten. Deretter skjærer du opp ost i bitar og stapper oppi. Eg tok og krydderskinke av kalkun i lag med osten. :)


Steik til osten er smelta. Trur eg steikte den i ti minutt på 200 grader. Enkelt, fort gjort og snadder!


Baguett 2:
Nesten like enkel å lage til. Skjær ut midten på baguetten, sånn at du får plass til å legge oppi fyll. Fyllet består av seks egg, ca seks ss fløyte, krydder etter ønske, håndfull eller to med ost og ca 150 g skinke. Skinke kan byttas ut med bacon, kjøttdeig eller anna ønska kjøtt eller grønnsaker. Denne mengden med fyll er nok til to av mine små baguettar og ein stor vanleg baguett til sambo. :) Steik på 175 grader i 25 minutt. Nyt!



Ha ein fin kveld :)