fredag 7. mars 2014

Osteiskake

Til valentines (er litt sein av meg til å få blogginnlegga ut...) fekk min kjære ei osteiskake. Oppskrifta har eg fått av ei venninne som anbefala den på det varmaste. 


Oppskrifta er som følgjer: 200 gr philadelphia, 3 eggeplommer, 2 dl sukker, 3 dl kremfløte, 1 ts vaniljesukker og digestive kjeks. I originaloppskrifta er det nytta 8-10 vanlege digestive kjeks. Eg valte å lage botnen med glutenfrie "oreo-kjeks", så eg veit ikkje kor mange glutenfrie digestive kjeks det vil tilsvare. Eg brukte ein pakke med glutenfrie "oreo-kjeks". 

Smør ei 24/26 form (som de ser nytta eg ei hjarteform). Knus nesten alle kjeksa og ha i botnen av forma (eg hadde dei i ein liten plastpose og knuste dei med botnen på eit glas). Pisk saman ost, eggeplomme, sukker og vaniljesukker. Pisk kremfløyten stiv og bland den forsiktig saman med ostekremen. Hell røra forsiktig over kjeksa. Knus nokre kjeks (bare knekk dei mellom fingrane, mine vart for fint most) og strø på toppen. Eg pynta i tillegg med melkehjarter, men det er ikkje å anbefala. Når dei har vore frosne mistar dei omtrent all smak. Sett kaka i frysen i 8-10 timar. Kaka bør takast ut av frysen omlag ein halv time før servering. 

Kaka var god på smak, men eg må nok prøve å lage den med digestive kjeks for å sjå korleis den eigentleg skal være. :) Eg vil nok og smelte smør og blande i lag med kjeksa neste gong, då botnen vart svært smuldrete. 

torsdag 6. mars 2014

Glutenfri Gnocchi og glutenfrie vårrullar

Min bedre halvdel overraska meg med ein spesiell middag i går. Han hadde slått til og laga glutenfri gnocchi med laks. Dette er litt spesielt med tanke på to ting; han har ikkje cøliaki men har likavel laga potetpasta til meg frå botn av, og for det andre så likar han så absolutt ikkje laks!!! Eg har aldri smaka gnocchi før, så eg kan ikkje sei om den smakar som "vanleg" gnocchi, men det var svært godt. Kjekt med litt variasjon til den vanlege pastaen. Det er teke utgangspunkt i oppskrift på matprat.no og bare bytta ut melet med Toro lys melblanding. 

Oppskrift til to personar: 300 g mandelpotet (skal være melne poteter), 1 stk eggeplomme, 100 g mel og 1/2 ts salt. 

Kok potetene utan salt til dei er møre. Skrell og mos potetene. Bland i mel og salt. Lag ei grop i deigen og legg i eggeplomma. Kna alt saman til ein smidig deig. Rull deigen til lange pølser og skjær dei i ca. 2 cm lange bitar. Kok opp ein kjele vatn med ganske mykje salt i. Ha ca 20 biter oppi det fosskokande vatnet. Når du slepp bitane oppi vatnet vil dei synke til botn i panna. Det er viktig at du ikkje rører i vatnet, dei set seg ikkje fast i botnen. Når dei er ferdig kokt stig dei opp til overflata og du fiskar dei opp med ei fiskeause. Dersom du ikkje skal ete gnocchien med ein gong tek du dei oppi ei bolle med isvatn og kjøler dei ned. Dei må ikkje bli liggande i vatnet etter at du har kjølt dei ned, då vert dei vassne og udelikate. Dersom du skal bruke dei seinare er det bare å gje dei eit nytt oppkok eller steike dei lett i steikepanna. Me valte å gje dei eit oppkok, men kan lett sjå for meg at dei er gode steikte og. 


For nokre helgar sidan laga me glutenfrie vårrullar. Me nytta rispapir frå Blue Dragon. Til fyll brukte vi kyllingfilet, hodekål, gulrot, løk, bønnespirer og asparges. Steikte alt dette, tilsatte fiskesaus, soyasaus og sweet chilli saus. Rispapira dyppa me nokre sekund i ganske varmt vatn før me la fyllet på og rulla dei saman. Eg var litt usikker på korleis eg skulle få dei sprøe og gode. Eg forsøkte først å legge dei i langpanne og steike dei ca 10 minutt på 200 grader i steikeomnen. Det vart berre seigt. Så tok eg frityrolje i steikepanna (slik at det dekka omlag halvvegs opp på vårrullane) og steikte dei 1 minutt på kvar side. Dei vart då bedre, men ikkje skikkeleg sprø nå heller. Fyllet me laga var svært godt, så eg syns det er utruleg dumt at eg ikkje fekk dei skikkeleg sprø. Dersom nokon har god erfaring og får dei til skikkeleg sprø så håpar eg at du legg igjen ein kommentar til meg med tips. :) 


Ha ein fin kveld! :)