tirsdag 28. september 2010

Utnytting av høstens epler.

Eplemuffins:
Eg har brukt "ho mor" si oppskrift på eplekake i langpanne til å lage eplemuffins:

Det vart eit brød og når eg først var i gang...
Til oppskrifta brukar du 220 gr smør, 2 dl melk (eg brukte soyamelk), 4 egg, 3 dl sukker, 4 ts bakepulver, 6 dl mel (eg brukte toro lys melmiks) og 2-3 epler. Kanel og sukker til å ha på toppen.

Gje smør og mjølk eit oppkok, avkjøl. Pisk egg og sukker til eggedosis. Ha så i vekselvis mjølkeblandinga og mel med bakepulver. Du kan velgje om du vil ha røra i ei smurt langpanne, eller fordele den i muffinsformer. Legg epleskiver i mønster i deigen, strø kanel og sukker på toppen. Som langpanne steik ved 200 grader i ca 30 minutt, som muffins steik ved 220 gr i ca 15 minutt.

Bon appetit!

onsdag 22. september 2010

Min flinke handyman!

Min flinke handyman tok mitt veeeeldi tydelige hint (sa rett ut at eg ville bli kjempeglad dersom han laga bod mens eg var vekke) og laga bod i stova til meg medan eg var på Kreta! Det tek litt plass av stua, men eg er kjempeglad for å ha ein plass til å sette støvsugaren! Er ikkje heilt ferdi inni enda (krangla meg til å få opp plater inni og...), men detta blir bra!

Masse god plass inni her til støvsugaren min!




Elles så kom eg heim frå Kreta fredag førre veke. Eg og ei venninne som hadde ein fantastisk herleg tur. Bare sol, bading og god mat! Litt tung reise for min del, med bare tre timar søvn om både på vei opp og ned, men vart positivt overraska over kor bra det gjekk. Dei som kjenner meg godt veit at eg vert "mannvond" når eg ikkje får mine høgst nødvendige timar med søvn, men eg var blid som ei sol heile veien ned, og nesten heile vegen heim og! :)

Det vart lite shopping på meg, faktisk mest bøker... Kjøpte og leste heile Twilight serien, så nå er eg oppdatert på Bella og Edward. Må bare få sett filmane. Må nok innrømme at serien vart litt "lett". Er kun om kjærleikshistoria mellom Bella og Edward, og kjenner at det er eg nok blitt litt for gammal til.. :) Men for all del, heilt grei underhaldning på solsenga.

Det som eg såklart ikkje klarte å motstå var nokre lekre boots:

Må sei eg er nøgd med kjøpet!


Me var ikkje med på nokre av dei arrangerte turane, men hadde oss eit par turar inn til gamlebyen og den venetsianske hamna.

Snik med eit bilete av reisefølget mitt med ei av gatene i gamlebyen i ryggen.

Det var rett og slett ein skikkelig avslappande tur, med null planar og tider å følge. Anbefalast på det sterkaste! :)

torsdag 2. september 2010

Diverse snop.

Det beste snopet eg veit om, er Quality street. Eg var ganske knust då eg fekk cøliaki og fann ut eg ikkje kunne ete den meir. Gleda var desto større då eg til slutt fann ut at det ikkje stemte!!! Wee!!! :-D
Dei fleste som kjenner meg, veit at dette er min store favoritt, og mine kjære svigers har kjøpt med litt til meg (og Øystein) nå når dei kom frå Kreta.


Pakken har fått hedersplass på bordet i lag med rosene min bedre halvdel fekk av meg i går. Han fekk dei for me har vore i lag i eit år og åtte månadar!

Eg er så heldig at eg i tillegg til slikt snop som Quality street, har nokre fantastiske trær i hagen min:

Litt usikker, men trur det er Katja.

Det som eigentleg er best, er det andre treet.

Opal, ei av dei beste plommene som finst!

Har eigentleg eit eple og eit plomme tre til, men dei har eg fått svært lite frukt på i år. Fekk ikkje særleg frukt på dei i fjor heller, så er usikker på kva slag dei er. Eigentleg skulle eg gjerne hatt eit epletre med Prins og eit plommetre med Diolin. Me hadde eit gammalt tre heime på gården eg vaks opp på, og det var verdens beste plommer. Me hadde og verdens beste, gule moreller. Huskar mange timar som vart nytta i toppen av det treet!!