torsdag 2. september 2010

Diverse snop.

Det beste snopet eg veit om, er Quality street. Eg var ganske knust då eg fekk cøliaki og fann ut eg ikkje kunne ete den meir. Gleda var desto større då eg til slutt fann ut at det ikkje stemte!!! Wee!!! :-D
Dei fleste som kjenner meg, veit at dette er min store favoritt, og mine kjære svigers har kjøpt med litt til meg (og Øystein) nå når dei kom frå Kreta.


Pakken har fått hedersplass på bordet i lag med rosene min bedre halvdel fekk av meg i går. Han fekk dei for me har vore i lag i eit år og åtte månadar!

Eg er så heldig at eg i tillegg til slikt snop som Quality street, har nokre fantastiske trær i hagen min:

Litt usikker, men trur det er Katja.

Det som eigentleg er best, er det andre treet.

Opal, ei av dei beste plommene som finst!

Har eigentleg eit eple og eit plomme tre til, men dei har eg fått svært lite frukt på i år. Fekk ikkje særleg frukt på dei i fjor heller, så er usikker på kva slag dei er. Eigentleg skulle eg gjerne hatt eit epletre med Prins og eit plommetre med Diolin. Me hadde eit gammalt tre heime på gården eg vaks opp på, og det var verdens beste plommer. Me hadde og verdens beste, gule moreller. Huskar mange timar som vart nytta i toppen av det treet!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar