Viser innlegg med etiketten Juli 2011. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Juli 2011. Vis alle innlegg

lørdag 30. juli 2011

Rekeaften

I kveld har eg ete reker og kost meg i lag med familie heime i Åkra. Nesten heile gjengen av søsken samla for kvelden, pluss ei tante og onkel som eg sjeldan ser. Kosleg!!



Eg har ikkje vore så særleg glad i reker, men har byrja få litt meir sansen for det dei siste åra. Har enda ikkje komt dit at eg ser den store kosen med å sitte å rense rekene, syns det berre er klussete og "ekkelt". 


I kveld har Akeela og mor mi sin pus helst på kvarandre for første gang... Akeela brydde seg ikkje særleg om det vetle nøstet, men pus var ikkje begeistra for Akeela. Noko som gjekk ut over armen min...



Kan vel sei at eg framleis er eit hundemenneske med stor H!!!!



fredag 29. juli 2011

Kamskjell

Det har vore lite blogging siste tida. Det er nok på grunn av at eg er midt i ferien min, og bedriv tida med å fikse opp hagen og anna småplukk heime. Lite spennande å blogge om ugrasluking....  :)


I dag har eg for første gang forsøk å tilberede ferske kamskjell. Eg gløymde å ta bilde når skalet vart opna, men eg vart veldig overraska over kor mykje som er inne i eit kamskjell! Har lært at dei, i forhold til størrelse, har eit ganske stort fordøyelsessystem. Under tilberedninga vart det nytta diverse som var i kjøleskapet. Kamskjella vart dermed dekka med Mango Curry Sauce og toppa med kvitost. Inn i steikeovnen på 200 grader i fem minutt. Det vart overraskande godt! :-)




Til forskjell fra blåskjell der ein må sjekke med giftsentralen om dei er trygge, er kamskjell alltid trygt sidan ein berre et muskelen i dei og renser vekk fordøyelsessystemet. 


Bestilte meg ny mobil i går! Ein Huawei U8800... Gledar meg som ein unge til den kjem! Håpar posten er kjapp i leveringa. Då vert det i alle fall eit nytt innlegg!! :)